Forfattaren Nina Lykke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den norske forfattaren. For den dansk-svenske professoren i kjønnsforsking med same namn, sjå Nina Lykke.
Nina Lykke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1965 (58 år)
Trondheim
Yrke grafisk designar, skribent
Far Ivar Lykke
Forfattaren Nina Lykke på Commons

Nina Lykke (fødd 17. juni 1965) er ein norsk skjønnlitterær forfattar.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Lykke vaks opp i Oslo og er utdanna ved Den grafiske Højskole i København. Sidan 1989 har ho arbeidd som grafisk designar i Oslo.[1]

Lykke si novellesamling Orgien, og andre fortellinger (2010) vart nominert til Ungdommens kritikerpris og romanen Oppløsningstendenser (2013) kom på kortlista til P2-lytternes romanpris. Romanen Nei og atter nei (2016), som er ein satire over middelklassa og «de store forventningers misnøye», kom i fleire opplag og vart utgjeven i Tyskland.[2]

Nei og atter nei har hausta god kritikk i ei rekkje medium, eksempelvis av Rune Hallheim i Aftenposten, Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen, Knut Hoem i NRK P2, Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv og Berhard Ellefsen i Morgenbladet.[3][2] I mars 2017 vann han Ungdommens kritikerpris.[4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2014: Bokhandelens forfatterstipend
  • 2017: Ungdommens kritikerpris[5]

Bibliografi[1][endre | endre wikiteksten]

  • Orgien, og andre fortellinger, noveller. Forlaget Oktober, 2010
  • Oppløsningstendenser, roman. Forlaget Oktober, 2013
  • Nei og atter nei, roman. Forlaget Oktober, 2016
  • Full spredning, roman. Forlaget Oktober 2019

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nina Lykkes hjemmesider, arkivert frå originalen 18. november 2021, henta 18. november 2021 
  2. 2,0 2,1 Heidi Borud: Nina Lykkes roman i tredje opplag og solgt til Tyskland, Aftenposten 18. november 2016
  3. Knut Hoem: Hardcore realisme fra Velstands-Norge, nrk.no 27. august 2016
  4. «Kidsa velger seg Lykke | BOK365.no». BOK365.no (på norsk bokmål). 9. mars 2017. 
  5. «Kidsa velger seg Lykke | BOK365.no». BOK365.no (på norsk bokmål). 9. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]