Hopp til innhald

Forfatterforeningen av 1952

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forfatterforeningen av 1952 vart stifta 28. april 1952 av 32 forfattarar som melde seg ut av Den norske Forfatterforening i protest mot at foreinga let seg representere i Norsk språknemnd, som hadde til formål å arbeide for samnorsk. Arnulf Øverland, som hadde vore formann i Den norske Forfatterforening, vart den fyrste formannen i foreinga, som òg hadde eit littererært råd, leia av Sigurd Hoel .

Andre forfattarar i Forfatterforeningen av 1952 var André Bjerke, Agnar Mykle, Claes Gill, Terje Stigen og Carl Keilhau. Dei fleste medlemene var riksmålsforfattarar, men ikkje alle; nynorskforfattaren Aslaug Vaa var òg medlem. Forfatterforeningen av 1952 gjekk attende til Den norske Forfatterforening i 1966 etter at Vogt-komiteen var oppretta.