Forkasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike typar forkastingar. Pilene syner relative rørsler. Kva som stig eller søkk ikkje mogeleg å seie.
Ei forkasting ved Bjerkås, det eldste laget øvst og til venstre. (Foto: Kjetil Lenes)
Linene syner brotlina og dei relative rørslene. (Illustrasjon: Kjetil Lenes)

Forkasting er ei jordskorperørsle der ei blokk flyttar seg i forhold til ei anna blokk langs ei vertikal, eller sterkt hellande brotsone, som vert kalla forkastingsflata. Forkastinga oppstår når spenninga i jordskorpa blir så stor at delar av ho får rørsler i høve til andre delar. Ved friksjon kan det dannast glideflater mellom dei to blokkene, og det oppstår glidestriper på forkastingsplanet, og ofte vert sidebergarten knust opp slik at ein får rivingsbreksje langs forkastinga. Rørslene kan vera loddrette, vassrette eller på skrå imellom lodd- og vassrett.

Forkastingane kan skje langs meir eller mindre parallelle liner. Då kan området mellom linene bli liggande høgare eller lågare enn landet omkring. Det blir då kalla horst eller graben. Oslofeltet er eit slikt nedsokke område kalla ein graben eller ei søkkegrop. Gropa er avgrensa av forkastingar der det har vore vertikale rørsler i meir enn 2000 år. Horisontale rørsler kjenner ein mellom anna ved den aktive San Andreasforkastinga i California. Når spenninga byggjer seg opp i ei slik forkastingssone, får ein jordskjelv når spenninga vert utløyst. Ved eitt enkelt jordskjelv kan grunnen forskyve seg fleire meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«forkastning» i Store norske leksikon, snl.no.