Forkisling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forkisling er impregnering av bergartar med kiselsyreløysingar (silisiumoksidhydrat, SiO2·/n/H2O). Ved fullt forkisling kan alle dei tidlegare minerala bli omdanna til kalsedon eller opal. Selektiv forkisling er meir vanleg. Her blir berre einskilde mineral eller fossil fortrengt. Ved forkisling av fossilt tre kan fine strukturar i celler og mikroorganismar bli bevart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]