Forkjøling
| Forkjøling | |||
| | |||
| Medisinsk namn | rhinitis acuta, febris catarrhalis | ||
|---|---|---|---|
| Symptom | Hoste, sår hals, rennande nase, feber, muskelsmerte, trøttleik, hovudverk, appetittmangel[1][2] | ||
| Årsaker | Virus (vanlegvis rhinovirus)[3] | ||
| Mottiltak | Handvask, hosteetikette, vitamin C[1][4] | ||
| Behandling | Symptomatisk behandling,[1] sink[5] | ||
| Lækjemiddel | NSAID[6] | ||
| Frekvens | 2–3 per år (vaksne) 6–8 per år (barn)[3][7] | ||
| Varigheit | 1–3 veker[1][8] | ||
| Klassifikasjonar og ressursar | |||
| ICD-9-kode: | 460 | ||
| ICD-10-kode: | J00 | ||
| ICPC-2: | R83 | ||
| MeSH | D003139 | ||
Forkjøling, nasofaryngitt eller krim(sjuke) viser til smittsame, akutte overflatebetennelsar i dei øvre luftvegane, det vil seie nase, svelg, strupe og luftrøyr. Sjukdommen kan koma av ei rekkje ulike dropeborne virus. Vanlege symptom på forkjøling er sår hals, rennande nase, hoste, nysing og noko feber.[2] People usually recover in seven to ten days,[1] but some symptoms may last up to three weeks.[8]
Det finst ingen medisinsk kur for forkjøling, men ein som er smitta blir som regel frisk på eiga hand. Det tek 1-2 døgn frå ein blir smitta til ein utviklar sjukdommen, og han varer som regel i 7-10 dagar, medan nokre symptom kan vara i opptil 3 veker. Irritasjonen i slimhinnene frå forkjølinga kan også gjera at ein blir meir mottakeleg for infeksjon, slik at forkjøling kan føra til andre sjukdommar.
Årsaker
[endre | endre wikiteksten]Sjukdommen kan framkallast av fleire hundretals artar virus, dei fleste av dei rhinovirus (30-50 %) eller coronavirus (10-15 %). Desse blir overførte gjennom dropesmitte, særleg ved at ein som er smitta spreier mikroskopiske dropar gjennom tale, pust, hosting eller nysing, eller ved at virus blir overførte frå ei hand til slimhinnene etter at ein har teke på ein overflate, til dømes eit handkle, der det finst smitte. Symptom kan opptre så tidleg som to dagar etter å ha blitt utsett for viruset.[9]

Virus kan halda seg svevande i lufta ei stund. Ved låg luftfukt er smittefaren større. Forkjøling er utbreidd i heile verda, men er vanlegast i tempererte område. Fleire blir sjuke om vinteren[1] (utanfor tropisk område), noko som kan ha samanheng med at ein gjerne oppheld seg innandørs, nært andre folk, heller enn at ein frys i kulda.
Barn har større sjanse for å utvikla forkjøling, og blir i gjennomsnitt forkjølte 6-10 gonger i året. Vaksne har utvikla meir immunitet, og blir i gjennomsnitt forkjølte 2-3 gonger årleg.
Andre høve som gjev auka risiko for infeksjon er søvnmangel, med tre gonger så høg sjanse for sjukdom i personar som får mindre enn sju timars søvn kvar natt samanlikna med dei som får åtte timar; og mangel på D-vitamin. Røyking medfører at sjukdommen varer i gjennomsnitt tre dagar lenger enn normalt. Hyppig handvask og å unngå å ta nær slimhinnene kan redusera risikoen for å bli sjuk.

Symptom
[endre | endre wikiteksten]Symptom kan vera sårheit i nase, hals og svelg, hovudverk, tett nase og snott, hoste, nysing, hesheit og noko feber. Ein kan også oppleva rennande auge, muskelsmerte, skjelving, mangel på appetitt og trøyttleik. Mange av symptoma er dei same som ved influensa, men dei er då noko verre.
Forkjøling fører gjerne først til faryngitt, infeksjon av dei øvre luftvegane, som kan kjennast såre. Ein kan kjenna trong til å nysa og få rennande snott. Sekretet blir først tynnare, og etter nokre dagar tjukkare og mindre klart. Feber er ikkje så vanleg i vaksne som er forkjølte, men er meir vanleg hjå barn.
Sjukdomsforløp
[endre | endre wikiteksten]Rundt 25 % av dei som blir smitta med forkjølingsvirus utviklar ikkje sjukdom. Dei andre 75 % kan oppleva symptom allereie 10 timar etter smitte, men vanlegvis merkar ein først forkjølinga etter 2-5 dagar.
Den vanlegaste smittevegen for forkjølingsvirus er gjennom nasen, men det kan også koma inn gjennom augo. Ein blir vanlegvis smitta av forkjøling gjennom å pusta inn areosol med virus frå ein som allereie er forkjølt, eller ved å overføra smitte til slimhinnene ved hjelp av hendene. Viruset fester seg til ein reseptor, ICAM-1, utanpå cellene i nasesvelget. Ved hjelp av reseptoren kjem dei inn i cellene og startar infeksjonen.
Immunsystemet reagerer på infeksjonen med ei rekkje tiltak, som fører til sjukdomssymptom. Kvite blodceller kalla makrofagar gjer at det blir danna cytokin og hormon, som fører til mange av forkjølingssymptoma. Andre kvite blodceller øydelegg virusa og infiserte celler, medan det blir danna antistoff som hindrar viruset i å infisera nye celler.

Ved god allmenntilstand vil ein som regel bli frisk etter nokre dagar. Ei mild forkjøling kan vera over etter 2-3 dagar, medan ei sterkare kan vara opptil to veker.
Følgjer
[endre | endre wikiteksten]Somme tider kan forkjøling føra til infeksjonar i strupen, luftrøyret, bronkiane, biholene og mellomøyret. Her kan bakteriar infisera dei irriterte områda og føra til ny sjukdom. Forkjølinga kan også føra til at sovande herpes simplexvirus blir aktivert, slik at ein får forkjølingssår.
Forkjøling kan også gjera sjukdommar ein allereie har i luftvegane verre. Dette gjeld til dømes astma, kronisk bronkitt og kronisk øyrebetennelse.

Behandling og smitteforhindring
[endre | endre wikiteksten]Det finst ikkje noko legemiddel som kurerer forkjøling, men det finst ei rekkje middel som svekker symptoma, til dømes nasedropar eller -spray, hostesaft, halstablettar og smertestillande eller betennelsesdempande middel.
Det kan vera nyttig å kvila medan ein er forkjølt. Ein kan hindra smittespreiing ved å unngå nærkontakt med andre medan ein er sjuk. Andre måtar ein kan prøva å ikkje smitta på er ved å redusera hoste, nysing og snott gjennom legemiddel, hosta og nysa inn i lommetørkle, eller ved å bruka munnbind.
Vanlege kjerringråd mot forkjøling er å ta til seg mykje C-vitamin, varm drikke eller alkohol. Desse har ikkje noka verknad på sjukdommen, men kan kanskje gjera at ein kjenner seg betre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 «Common Colds: Protect Yourself and Others». CDC. 6 October 2015. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. Henta 4. februar 2016.
- 1 2 Eccles R (November 2005). «Understanding the symptoms of the common cold and influenza». The Lancet. Infectious Diseases 5 (11): 718–25. PMC 7185637. PMID 16253889. doi:10.1016/S1473-3099(05)70270-X.
- 1 2 Arroll B (Mars 2011). «Common cold». BMJ Clinical Evidence 2011 (3): 1510. PMC 3275147. PMID 21406124. «Common colds are defined as upper respiratory tract infections that affect the predominantly nasal part of the respiratory mucosa»
- ↑ Eccles s. 209
- ↑ «Zinc – Fact Sheet for Health Professionals». Office of Dietary Supplements, US National Institutes of Health. 10 July 2019. Arkivert frå originalen 25 March 2021. Henta 27 December 2019. «Although studies examining the effect of zinc treatment on cold symptoms have had somewhat conflicting results, overall zinc appears to be beneficial under certain circumstances.... In September of 2007, Caruso and colleagues published a structured review of the effects of zinc lozenges, nasal sprays, and nasal gels on the common cold [69]. Of the 14 randomized, placebo-controlled studies included, 7 (5 using zinc lozenges, 2 using a nasal gel) showed that the zinc treatment had a beneficial effect and 7 (5 using zinc lozenges, 1 using a nasal spray, and 1 using lozenges and a nasal spray) showed no effect. More recently, a Cochrane review concluded that "zinc (lozenges or syrup) is beneficial in reducing the duration and severity of the common cold in healthy people, when taken within 24 hours of onset of symptoms" [73]. The author of another review completed in 2004 also concluded that zinc can reduce the duration and severity of cold symptoms [68]. However, more research is needed to determine the optimal dosage, zinc formulation and duration of treatment before a general recommendation for zinc in the treatment of the common cold can be made [73]. As previously noted, the safety of intranasal zinc has been called into question because of numerous reports of anosmia (loss of smell), in some cases long-lasting or permanent, from the use of zinc-containing nasal gels or sprays [17–19].»
- ↑ Kim SY, Chang YJ, Cho HM, Hwang YW, Moon YS (September 2015). «Non-steroidal anti-inflammatory drugs for the common cold». The Cochrane Database of Systematic Reviews 2015 (9). PMC 10040208. PMID 26387658. doi:10.1002/14651858.CD006362.pub4.
- ↑ Simasek M, Blandino DA (February 2007). «Treatment of the common cold». American Family Physician 75 (4): 515–20. PMID 17323712. Arkivert frå originalen 26 September 2007.
- 1 2 Heikkinen T, Järvinen A (January 2003). «The common cold». Lancet 361 (9351): 51–9. Bibcode:2003Lanc..361...51H. PMC 7112468. PMID 12517470. doi:10.1016/S0140-6736(03)12162-9.
- ↑ Allan GM, Arroll B (February 2014). «Prevention and treatment of the common cold: making sense of the evidence». CMAJ 186 (3): 190–9. PMC 3928210. PMID 24468694. doi:10.1503/cmaj.121442.
- Eccles R, Weber O, red. (2009). Common Cold (Illustrated utg.). Springer Science & Business Media. ISBN 978-3-7643-9912-2.
- «forkjølelse» i Store norske leksikon, snl.no.
- «forkjølelse (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.
- Commoncold
- Delar av denne artikkelen bygger på «Common cold» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Commoncold
- Forkjølet eller influensasyk? Arkivert 2010-03-29 ved Wayback Machine. ved Lommelegen.no