Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit forlag er ei verksemd som publiserer bøker, blad og andre publikasjonar. Eit forlag får teksten eller manuskriptet frå ein forfattar og sørgjer for å få det publisert eller offentleggjort, det vil seie trykt og distribuert til forhandlarar som sel det vidare til dei enkelte lesarane. Forlaga dekkjer alle utgifter i samband med produksjon, for eksempel til illustratør, trykkjeri og bokbindar, og kostnader til reklame og anna. Forlaga kan ha ein redaksjon som sjølv står for eller organiserer arbeidet med innhaldet i bøkene eller blada, for eksempel i vekeblad, leksika og skulebøker.

Etymologi og andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

Ordet forlag nyttast vanlegvis om bokforlag, både om forretningsverksemda og firmaet, om sjølve aktiviteten, det vil seie sjølve forleggariet, og om kontorlokala.

Ordet kjem frå det tyske Verlag eller Vorlage som igjen er avleidd av vorlegen, det vil seie «å leggje fram».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første forleggarane var boktrykkjarar. Sidan byrja også bokhandlarar med forlagsverksemd. I dag driv dei fleste bokforlag som sjølvstendige føretak utan direkte tilknyting til trykkjeri og bokutsal.

Norske bokforlag (utval)[endre | endre wikiteksten]

Det er mange hundre små og store forlag i Noreg. Rundt femti av desse er medlem i Den norske Forleggerforening. Mellom dei største eller mest kjende norske forlaga er: