Forlaget Oktober

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forlaget Oktober AS er eit i hovudsak skjønnlitterært forlag, skipa i 1970. Det gjev ut norske romanar, noveller og lyrikk og utanlandsk omsett skjønnlitteratur, og dessutan nokre biografiar og politiske bøker. Om lag hundre norske forfattarar er knytt til forlaget. H. Aschehoug & Co (W.Nygaard) eig 91 % av Forlaget Oktober.[1] Forlagssjef sidan 2015 er Ingeri Engelstad.[2]

Forlagssoga[endre | endre wikiteksten]

Forlaget Oktober vart skipa i 1970 av folk som var medlemmar av den venstreorienterte dåverande politiske ungdomsorganisasjonen SUF (m-l),[2] og i tråd med dette var den første boka på forlaget ei samling av taler og artiklar av den bulgarske kommunistleiaren Georgij Dimitrov: Om enhetsfrontens og folkefrontens problemer. På 1970-talet gav forlaget ut mellom anna tekster av Karl Marx, Friedrich Engels, Vladimir Lenin, Josef Stalin, Mao Zedong og Pol Pot, og dessutan omsett revolusjonær skjønnlitteratur og samfunnskritisk sakprosa. Forlaget Oktober var det fyrste til å gje ut den nobelpris-nominerte albanske forfattaren Ismail Kadaré i norsk omsetjing.

Av di forlaget med tida fekk økonomiske problem, vart så godt som alle aksjane i verksemda selt til forlaget Aschehoug i 1992.

Distribusjonen av bøkene[endre | endre wikiteksten]

Forlaget Oktober hadde tidlegare sine eigne bokutsal med namna Oktober bokhandel i fleire norske byar, på det meste eit trettitals. Dei selde framfor alt bøker frå Forlaget Oktober, men òg anna samfunnskritisk litteratur, tidsskrift, aviser, plakatar og musikk. Den fyrste Oktober-bokhandelen vart etablert i Trondheim i 1971, og i løpet av 1972 vart det sett i gang bokhandlarar i Oslo, Bergen, Moss, Stavanger og Mo i Rana. Til å byrje med var utsala registrerte som innkjøpslag eller som filialar av aksjeselskapet Forlaget Oktober, men med eigne styre og eigne rekneskap. Men med tida vart dei fleste Oktober-bokhandlane eigne aksjeselskap. På mange plassar var Oktober-bokhandelen einaste staden der radikal alternativ litteratur var å få, og dessutan eit senter for partipolitisk aktivitet. Fleire av Oktoberutsala vart utsette for hærverk, og i Tromsø vart Oktober bokhandel øydelagt ved eit sprengingsattentat i 1977.[2]

På slutten av 1970-åra vart Oktober-bokhandlane avvikla etter at interessa for denne typen politisk litteratur hadde svekka seg, og lønsemda var sviktande. Forlaget Oktober la om til å verte meir eit forlag for skjønnlitteratur enn for politisk litteratur, og fekk med dette etter kvart stendig større sal gjennom dei ordinære bokhandlane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om forlaget, Forlaget Oktober, henta 11. oktober 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Forlaget Oktober As.», Store norske leksikon, 29. oktober 2015, henta 11. oktober 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]