Forlandet nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Forlandet nasjonalpark
nasjonalpark
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Svalbard
Areal 4 637 km²
 - land 616 km²
 - vatn 4 031 km²
Oppretta 1. juni 1973
Wikimedia Commons: Prins Karls Forland

Forlandet nasjonalpark ligg på Svalbard. Parken vart oppretta ved forskrift av 1. juni 1973 med endringar i 2002 og dekker heile øya Prins Karls Forland og sjøområda omkring. Nasjonalparken har et landareal på 616 km² og et marint areal på 4031 km².

Formålet med fredningen er å ta vare på ei øy med eit stort, samanhengande og i det vesentlegste urørt naturområde, mellom anna med ein karakteristisk fjellrekke med spisse (alpine) fjell og ei stor strandslette. Forlandet har òg sjøfugl, fuglefjell og eit kjerneområde for den nordlegste steinkobbebestanden i verda.

Lenkje til kart[endre | endre wikiteksten]