Forliksråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forliksrådet er fyrste instans i det norske rettssystemet. Eit forliksråd er eit kommunalt oppnemnt meklingsorgan som består av tre lekdommarar som vert vald av kommunestyret for ein periode på fire år. Alle kommunar skal ha forliksråd.

Forliksrådet handsamar sivile saker, aldri straffesaker, og dømer ikkje i saker som det finn for vanskelege eller omfattande; slike saker vert send vidare til ein høgre rettsinstans, i fyrste omgang tingretten. Ei sak vert bringa inn for rådet gjennom ei forliksklage. Partane må som hovudregel møte personleg og utan sakførarar. Meklinga går føre seg bak stengde dører, og dersom partane kjem fram til semje, altså eit formelt forlik, har dette forliket same verknad som ein dom når det gjeld å få det gjennomført ved tvang. Med visse avgrensingar har forliksrådet høve til å døme i saker som ein finn tilstrekkeleg opplyst, eller når den innklaga parten ikkje møter til meklinga.

Politi- og lensmannsetaten overtok sekretariata for forliksråda frå kommunane 1. januar 2006, men medlemene i forliksråda skal veljast av kommunestyret og oppnemnast av fylkesmannen.

Tidlegare nemning[endre | endre wikiteksten]

Forliksrådet heitte tidlegare forlikskommisjonen og fekk namnet forliksråd i 1927. Eit medlem i forlikskommisjonen vart kalla forlikskommissær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]