Formel 3000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne utstilte formel 3000-bilen vart køyrd av David Coulthard i 1993, før han tok steget opp i Formel 1.

Formel 3000 var ein resarklasse som fungerte som mellomsteget mellom Formel 1 og Formel 3. Namnet kjem frå at ein nytta formelbilar med motorvolum på 3000 kubikkcentimeter.

Den mest vidgjetne Formel 3000 serien var International Formula 3000 som vart oppretta i 1985 av Fédération Internationale de l'Automobile, før det vart erstatta av GP2-serien i 2005.