Formell i vitskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Formell vert i vitskap nytta om det som gjeld forma aleine og ikkje innhaldet. I matematikk vert formell eller formal betraktningsmåte nytta for å framheve dei reint abstrakte og logiske samanhengane uavhengig av arten eller tolkinga av dei symbola som inngår.

Eit liknande skilje mellom det formelle og det innhaldsmessige finn ein òg i lingvistikken, der ein på den eine sida har syntaks og grammatikk og på den andre sida semantikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]