Fornaldarsaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Hervors død», måleri av Peter Nicolai Arbo

Fornaldarsaga er ei legendarisk saga med innhald frå den norrøne tida før det budde folk på Island og før handlinga i islendingesaga byrja, hovudsakleg før år 800.[1] Det er likevel nokre unnatak som Yngvars saga víðförla som har handling frå 1000-talet. Desse sagaene vart skrivne eller sett saman på Island av ukjende forfattarar, men innhaldet kom hovudsakleg frå Noreg, Sverige og Danmark, og frå tidlegare germanske mytar som hadde vore halde levande i munnleg tradisjon lenge før dei vart skrive ned.

Tema og innhald[endre | endre wikiteksten]

Mange av fornaldersagaene er basert på fjerne historiske hendingar og det er openberra i dei tilfella kor det er sammenlignbare kjelder, slik som Ganga-Rolfs saga og Ragnar Lodbroks saga, Yngvars saga víðförla og Volsungesoga. I tilfellet Hervarar saga indikerer namn med ein gotisk bakgrunn ein historisk basis, og den siste halvdelen av sagaen er enno ofte nytta som historisk kjelde for tidleg svensk historie, mellom anna fordi andre kjelder er tilsvarande audmjuke. Fornaldersagaene inneheld ofte svært gamle germanske tema, slik som Hervarar saga og Volsungesaga som har poesi eller kvad om Sigurd som ikkje vart inkludert i Den eldre Edda, og som elles ville ha vore tapt for ettertida. Andre sagaer oppheld seg ved heltar som Ragnar Lodbrok, Starkad, Rolf Krake og Orvar-Odd.

Staden for handlinga er i hovudtrekk Norden, men somtid rører den kortvaring til meir fjerne og eksotiske område: i Eirik den vidfarnes saga reiser hovudpersonen heilt til India. Fornaldersagaene har svært ofte òg mytologiske trekk, slik som dvergar, alvar og kjemper (troll). Til trass for dei mytologiske trekka vurderte nordiske forskarar på 1800-talet fornaldersagaene for likevel å innehalda historisk material, og dei vart nøye studert sidan dei representerte ein heroisk og romantisk fortid som var viktig for den nasjonale bygginga av dei tre nordiske landa Noreg, Sverige og Danmark. På 1900-talet vart nasjonalbygging ved å romantisera fortida mindre viktig, og i staden vart fornaldersagaene viktige for å granska det førkristne mytologien til samfunnet og tenkjemåte.

Sagaene før og no[endre | endre wikiteksten]

Lygesagaene var underhaldninga i den tid rundt langborda. Ifølgje Sverres saga lét kong Sverre Sigurdsson (1153 – 1202) seg gjerne underhalda av lygesagaer. Skiljet mellom ættesagaer og lygesagaer kan i nokre tilfelle vera hårfin, og i ettertid er det vanskeleg å vita kva som er historisk korrekt. Enkelte av lygesagaene omhandlar uomtvisteleg historiske personar, men som er innvevd i mytiske hendingar. Snorre Sturlasons Ynglingesaga ender opp med den historiske Halvdan Svara og vert rekna blant kongesagaene, men Haldans ættetavle vert fortalt via ei rekkje mytiske kongar tilbake til gudane Odin og Frøy.

I motsetnad til islendingesagaene har fornaldersagaene stor tyding for forsking på mytar og legender sidan dei inneheld motiv og motivkompleks av ulike typar som det elles ikkje finst annan dokumentasjon av i Norden før på midten av 1800-talet då innsamlingen av folkeeventyra byrja. Fornaldersagaene har òg stor verdi for forskarar som studerer nordiske balladar frå mellomalderen, omfram òg germanske helteforteljingar saman med Saxo Grammaticus' Gesta Danorum som er basert på den same heroiske poesien og tradisjonen.

Fornaldersagaenes innverknad på J.R.R. Tolkiens arbeid og på den moderne fantastiske litteraturen (fantasy) var betydeleg og kan neppe overvurderast. Fridtjof den frøknes saga (Friðþjófs saga ins frœkna) vart omsett til svensk i 1737 og vart nytta som inspirasjon og basis for den svenske forfattaren Esaias Tegnérs romantiske dikt Frithiofs saga i 1825. Diktet vart ein grenseløs suksess og Tegnérs søtladne dikt vart etter sigande omsett 22 gonger til engelsk, 20 gonger til tysk, og til alle dei øvrige europeiske språka, òg til moderne islandsk i 1866. I Tegnérs utgåve var Fridtjof omdannet til eit høgaste ideal av godhet, tapperhet og fedrelandkjærleik.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Fornaldersagaer som litterært omgrep vart introdusert av den dansken oldtidsforskeren Carl Christian Rafn (1795-1864) som samla og gav ut Fornaldarsögur Norðrlanda (Nordiske fornaldersagaer) i 3 bind i 1829-30.

Ein ny trebindsutgave av Fornaldarsögur Norðrlanda vart utgjeven på islandsk i 1889 av Valdimar Asmundarson (1852-1902).

Sagaene er òg utgjeven samla av dei islandske historikarane Guðni Jónsson og Bjarni Vilhjálmsson i 1954.

På nynorsk er det utgjeve fleire enkeltsagaer i serien Norrøne bokverk:

  • Soga om Volsungane (til nynorsk ved Torleiv Hannaas) i 1907,
  • Soga om Ragnar Lodbrok og sønene hans med Kraakekvedet (til nynorsk ved Severin Eskeland) i 1914
  • Soga om Hal og Halvsrekkane ((til nynorsk ved Albert Joleik og Olava Joleik) i 1917
  • Soga om Rolf Krake (til nynorsk ved Erik Eggen og Hallvard Magerøy) i 1962
  • Soga om Orvar-Odd (til nynorsk ved Erik Eggen og Odd Nordland) i 1963
  • Soga om Fridtjov den frøkne (til nynorsk ved Ivar Aasen og Bjarne Fidjestøl) i 1950
  • Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane (til nynorsk ved Gudlaug Horgen i 1989
  • Tåtten om Norne-Gjest (til nynorsk ved Gudlaug Horgen i 1989

Nokon av tekstene er kjend frå Flatøyboken som vert utgjeve på norsk i 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fornaldarsaga» i Nynorskordboka.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fornaldarsagornas struktur och ideologi, red. Ármann Jakobsson, Annette Lassen og Agneta Ney, Uppsala 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.