Fornvännen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fornvännen er eit svensk vitskapleg tidsskrift for artiklar om arkeologiske og eldre kunsthistoriske emne, og er størst i Norden for meldingar av bøker og artiklar på desse fagområda. Artiklane er skrivne av ulike forfattarar på eit av dei nordiske språka eller på engelsk eller tysk, og med samanfattingar på engelsk av artiklar skrivne på dei andre språka.

Tidsskriftet kjem ut med fire nummer i året. Tida det har teke frå innleveringa av manuskriptet og fram til publiseringa av den fagfellegodkjende artikkelen har vore ti månader for omfattande artiklar, og mindre enn seks månader for korte innlegg og for bokmeldingar.

Fornvännen vart skipa i 1906 av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien (ofte kalla berre Vitterhetsakademien), og erstatta då både Vitterhetsakademiens Månadsblad og Svenska Fornminnesföreningens Tidskrift. Frå juni 2000 vart tidsskriftet utgjeve i ei elektronisk utgåve på internett i tillegg til papirutgåva, og i november 2007 vart ein skanna internettversjon av dei fyrste hundre årgangane lansert. Frå og med mars 2009 vart tidsskriftet eit såkalla Open Access-tidsskrift som publiserer kvart nummer på internett seks månader etter at det har kome ut i papirutgåva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]