Forpakting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forpakting er langsiktig leige av eit gardsbruk for jordbruksdrift. Forpakting skal omfatte utleige av jordbruksareal, driftsbygningar og bustadhus. Forpaktinga kan også omfatte utleige av husdyr og reiskap.

Tilhøvet mellom forpaktar og grunneigar er i Noreg regulert i Lov om forpakting av 1965. Lova krev m.a. at partane inngår ein skriftleg leieavtale som gjeld for ikkje mindre enn fem år. Leigeavtalen skal leggjast fram for kommunen. Det skal haldast skjønn til opplysning om kva tilstand eigedomen er i både når forpaktinga blir tiltrådt og når ho blir fratrådt.

Om ikkje anna er avtalt eller fastsett for fylket eigedommen ligg i, er faredag for tiltreding og fråtreding av forpakta eigedom den 14. april.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]