Forretningsorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forretningsorden er eit reglement for korleis eit møte eller ein debatt skal organiserast. Forretningsorden inneheld reglar for debatten, røystereglar og i kva for rekkjefølgja dei ulike sakene skal opp.

Forretningsorden er noko av det første ein møtelyd tek stilling til. Forretningsorden for eit møte kan vera heilt eller delvis styrt av organisasjonen sine vedtekter, lovverket eller sedvane. Dersom ein deltakar på eit møte teiknar seg til eit innlegg om forretningsorden, får han innlegg før dei andre debattantane. Dette innlegget skal ikkje dreia seg om sjølve debatten, men om korleis debatten skal gå føre seg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]