Forsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forsfjorden er ein fjordarm av Kjerkfjorden i Moskenes kommune i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 2 km sørvestover.

Forsfjorden har innløp mellom grenda Vindstad i nord og Temneset i sør. Ved Temneset er det òg busetnad, men innover i fjorden er det ingen. Fjorden er omgjeve av Temnestinden (690 moh) i sør og Brynliskardtinden (793 moh). Frå Vindstad og nordover går den andre fjordarmen til Kjerkfjorden, Bunesfjorden.