Forskaling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søyleforskaling

Forskaling er ein mellombels konstruksjon som formar den ferske betongen og held han på plass til han har hardna.

Nemningane form og forskaling blir stundom nytta om om kvarandre. Med form meinast sjølve flatene som formar betongen, altså overflata til forskalinga. Med forskaling meinast både forma og dei støttande og avstivande konstruksjonane som held forma på plass.

Forskaling vert delt inn i fleire typar:

  • Tradisjonell forskaling som er forskaling bygd opp av trevirke, plank, bord og finerplater.
  • Systemforskaling er forskalingselement som kan monterast raskt og kan brukast om igjen fleire gonger.
  • Klatreforskaling er forskaling som vert løfta oppover konstruksjonen etappevis etter kvart som byggearbeida skrid fram.
  • Glideforskaling er forskaling som glir med jamn fart oppover konstruksjonen etter kvart som byggearbeida skrid fram.

Ei forskaling vert bygd etter to prinsipp:

  • Støttande forskaling, som i praksis vil seie veggforskaling eller liknande. Forma og forskalinga hindrar betongen å «renne ut».
  • Berande forskaling, som i praksis vil seie dekkeforskaling. Forma og forskalinga hindrar betongen i å «falle ned».
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.