Forskningsmagasinet Apollon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forskningsmagasinet Apollon er eit populærvitskapleg forskingstidsskrift utgjeve av Universitetet i Oslo. Magasinet er meint både for lesarar utanfor universitetet, og for dei som studerer og arbeider ved universitetet. Det skal gje kunnskap om forskingsverksemda ved universitetet, særleg om grunnforskinga, og spegle av både breidda og kvaliteten i forskingsaktiviteten. Dessutan skal magasinet bidra til og opne opp for debatt om forskinga og resultata av ho.

Apollon kjem ut med fire papirutgåver i året, og med ei nettutgåve som stendig oppdaterast med nye aktuelle artiklar om ulike tema. Papirutgåva har eksistert frå 1991, og nettutgåva er ei av dei fyrste som vart lansert av eit norsk tidsskrift. Nettutgåva har eit søkbart arkiv med fleire hundre artiklar frå 1994 og fram til idag.

Den greske guden Apollon har gjeve namn til magasinet av di denne guden er avbilda i logoen og seglet til Universitetet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]