Forskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei forskrift eller føresegn er ei rettsleg bindande regulering som må ha heimel i formell lov. Forskrifter blir i utgangspunktet gitt av Kongen i statsråd eller eit departement, alt etter kva den aktuelle lova seier. Men retten til å gje forskrift kan delegerast til andre, så som kommunar og private rettssubjekt som Det norske Veritas.

Forskrifter kan som lover ikkje ha tilbakeverkande kraft. Forskrifta må halde seg innanfor lovheimelen, og må ikkje vere i strid med andre lover. Forskrifta må kunngjerast for å ha rettsleg verknad.

Forvaltingslova kapittel VII har reglar om korleis ein skal gå fram med å førebu, vedta og kunngjere forskrifter.

Å overtre forskrifter kan vere straffbart. Dette under føresetnad at antan heimelslova eller forskrifta sjølv seier dette. Vanlegvis vil heimelslova innehalde straffetrusselen, men viss dette ikkje er tilfelle så har straffelova § 339 ein bestemmelse som gir den som vedtar forskrifta heimel til å ta med ein strafferegel (bot) ved å vise til straffelova sin regel. Denne regelen i straffelova har blitt kritisert, og vil truleg ikkje bli tatt med i forslaget til ny straffelov, som det no blir arbeidd med.

Den forskrifta som dei fleste har best kjennskap til er trafikkreglane. Trafikkreglane er ei forskrift til Vegtrafikklova.