Forsvarets innsatsmedalje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medaljen

Forsvarets innsatsmedalje er ein norsk militær medalje som vert delt ut av Forsvarssjefen. Den vert delt ut til norsk militært personell som har teke del i farefulle, spesielle, militære operasjonar innanfor eller utanfor Noreg. Den kan òg delast ut til utanlandsk militært personell som har ytt bistand til norske væpna styrkar på ein fortenesteleg måte.

Oppdraget skal normalt vare over to månader, men særlege tilhøve kan gjere til at medaljen vert delt ut for kortare oppdrag. Personell som har delteke aktivt i kamphandlingar eller har vist særleg innsats i farefulle oppdrag, kan tildelast medaljen med rosett. Det spesielle med denne medaljen er at bandet har forskjellig farge etter oppdraget den har vore delt ut for. Fargane skal ha tilknyting til den aktuelle staden. Dersom ein person tek del i fleire operasjonar vert medaljen delt ut på nytt med den aktuelle bandfargen. Sjølve medaljen er rund og i bronse. Adversen har eitt oppoverretta sverd med ei eikegrein på kvar side. Reversen har skrifta «FOR DIN INNSATS» med ei eikegrein over og under.

For tida har medaljen vore delt ut for operasjonar i Saudi-Arabia og Rest-Jugoslavia.