Forsvarsmedaljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medaljen

Forsvarsmedaljen vert delt ut av Forsvarssjefen. Han blir delt ut til militært og sivilt personell som har gjort teneste i Forsvaret i til saman 25 år. For kvart femte år etter dette får mottakaren ei stjerne. Mottakaren kan få tre stjerner.

Medaljen er rund og i sølvfarga metall. Adversen har tre sverd plassert ved sida av kvarandre, peikande oppover. Reversen har teksten «FORSVARET - FOR FORTJENESTER». Bandet er raudt og med ei loddrett sølvstripe midt på.