Forsyningsbrigadar i dei russiske landstyrkane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forsyningsbrigadar i dei russiske landstyrkane finst som logistikkstøtte særleg på armé- eller operasjonelt nivå, og skal sørgje for auka vernebuing og uthald for heile arméen i tilllegg til å auke evna til å tåle store påkjenningar på dette nivået. Forsyningsbrigadane har ansvar for etterforsyning av materiell og drivstoff, vedlikehald og reparasjon av våpen, ammunisjon og utstyr, vedlikehald og teknisk vern av vegar og andre transportaksar.[1]

Konseptet vart øvd under militærøvinga Zapad-2017.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://tass.ru/politika/660470
  2. https://tvzvezda.ru/news/forces/content/a50a0bbbd1b52da238820611986c5ef709f86b2fc2c5fc1334d0309805ae9dd6