Fortausrestaurant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fortausrestaurant i Rue Saint-Honoré i Paris i Frankrike

Fortausrestaurant er ein utandørs serveringsstad på eit fortau langsetter ei gate i ein by eller tettstad. Vanlegvis ligg fortausrestauranten framfor lokalet til ein kafé eller eller ein restaurant, og er å rekne som friluftsavdelinga til serveringsstaden.

Tidlegare fann ein fortausrestaurantar hovudsakleg berre i byar på kontinentet. Men etter at det i Noreg vart forbod mot å røyke innandørs på kafear og restaurantar, har det vorte vanleg med fortausrestaurantar og anna servering på fortaua utanfor serveringslokala her i landet òg, jamvel om vinteren. Slik bruk av fortau er regulert i offentlege føresegner, mellom anna når det gjeld servering av alkoholhaldig drykk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fortausrestaurant