Forthbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forthbrua

LandSkottland
Innskriven ved UNESCOs 39. sesjon i 2015.
Referansenr. 1485.
Kriterium:I, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffForthbrua ved unesco.org

Forthbrua (engelsk Forth Bridge) er ei jernbanebru i stål som går over elva Forth i fjorden Firth of Forth i Skottland. Ho bind Edinburgh saman med halvøya Fife, og går mellom dei to landsbyane South Queensferry og North Queensferry. Brua er konstruert etter fritt frambygg-prinsippet. Ho er 2,5 km lang med to hovudspenn, kvart på 251 meter, og er 100,6 meter høg.[1] Forthbrua er eit skotsk symbol og blei i 2015 oppført på UNESCO si verdsarvliste i 2015.[2]

Forthbrua var teikna av arkitektane John Fowler og Benjamin Baker og blei bygga i perioden 1882 til 1890. Ho blei opna den 4. mars 1890 av den dåverande prinsen av Wales, Albert Edvard, med Benjamin Baker og Gustave Eiffel til stades. Brua var den første større stålkonstruksjonen i Storbritannia.[3] Brua var også den lengste fritt frambygg-brua i verda fram til Québec-brua opna i 1917. Ho er framleis den nest lengste i verda, og den lengste fritt frambygg-brua med fleire spenn.[2]

Brua har vore verksam for gods- og passasjertog sidan ho opna.[2] I 1964 blei det parallelt med Forthbrua oppført ei bilbru, Forth Road-brua (engelsk Forth Roadbridge).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Forth Rail Bridge» (på engelsk). Structurae. Henta 6. juli 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Forth Bridge», unesco.org
  3. Blanc, McEvoy & Plank 2003, s. 16

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Forthbrua
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med teknologi og Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.