Fortnum & Mason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fortnum & Mason


BransjeDetaljhandel
Skipa1707; 316 år sidan (1707)
EigarWittington Investments Ltd
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
ProduktLuksusvarer
Grunnleggjar(ar)William Fortnum
Hugh Mason
Tilsette708 (2016)[1]
Nettstadfortnumandmason.com

Fortnum & Mason, på folkemunne ofte berre kalla Fortnum's, er eit stormagasin som sel luksusvarer i Piccadilly i London. Det har også avdelingar på St Pancras jernbanestasjon og Heathrow lufthamn. Selskapet har hovudkvarter i 181 Piccadilly, der det blei grunnlagd i 1707 av William Fortnum og Hugh Mason. Eigarane i dag er Wittington Investments Ltd.

Føretaket blei grunnlagd som ein daglegvarehandel, og bygde eit rykte for å selja kvalitetsmat. Det voks raskt i løpet av viktoriatida. Sjølv om Fortnum's utvikla seg til eit stormagasin med mange ulike varer, har det fortsett å fokusera på å selja ei stor mengd eksotiske matvarer, spesialitetar og «vanlege» varer.[2]

I tillegg til sal av mat, klede og andre varer, har magasinet også fleire kafear og restaurantar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fortnum & Mason

William Fortnum var tenar - footman - i hushaldet til dronning Anne av Storbritannia. Kongefamilien insisterte på å bruka nye vokslys kvar kveld, og dette førte til store mengder halvbrukt voks som Fortnum selde vidare og tente gode pengar på. Fortnum dreiv også daglegvarehandel på sida. Han overtalte huseigaren sin, Hugh Mason, til å gå i kompaniskap, og saman grunnla dei den første Fortnum & Mason-butikken i den vesle butikken til Mason i St James's Market i 1707.

I 1761 gjekk William Fortnum sitt barnebarn Charles inn i teneste for dronning Charlotte, og tilknytinga til det hoffet førte til ein auke i omsetjinga for Fortnum & Mason. Føretaket hevdar å ha funne opp den berbare matretten scotch egg i 1738.[3][4] Butikken byrja å selja spesialitetar, hovudsakleg klargjorte luksusmatrettar som fersk fugl eller vilt i aspikk.[5]

Frukt- og blomeutsalet i Fortnum and Mason

Under Napoleonskrigane sende føretaket tørka frukt, krydder og sylta mat til britiske offisera, og i viktoriatida fekk det ofte i oppdrag å senda mat til ærefulle hendingar ved hoffet. Dronning Victoria sende til og med konsentrert beef tea (buljong) frå Fortnum & Mason's til Florence Nightingale sine sjukehus under Krimkrigen.[6]

Hovudtrappa inne i Fortnum & Mason

I 1886 kjøpte Fortnum & Mason heile behaldninga på fem kassar av eit nytt produkt frå H.J. Heinz, og blei dermed den første forretningen i Storbritannia til å selja den etterkvart svært så populære hermetikkvara baked beans.[6]

Klokka på hovudfasaden

I april 1951 kjøpte den canadiske forretningsmannen W. Garfield Weston forretningen og blei ny styreleiar gjennom eit styrekupp.[7] I 1964 fekk han sett opp ei klokke på fire tonn til ære for grunnleggjarane av butikken ved hovudinngangen. Kvar time kjem modellar på 4-fot-high (1,2 m) av William Fortnum og Hugh Mason ut frå klokka og bukkar for kvarandre, med klassisk musikk i bakgrunnen. Etter at Garfield Weston døydde i 1978 tok barnebarna hans Jana Khayat og Kate Weston Hobhouse over drifta. Administrerande direktør er Ewan Venters.

Fortnum & Mason Food and Drink Awards[endre | endre wikiteksten]

Fortnum & Mason deler ut årlege prisar knytte til næringsmiddelindustrien.[8] Prisane viser merksemd til forfattarar, forlag, mediafolk og andre som arbeider med mat og drikke. Nokre av vinnarane er Nadiya Hussain, Nigel Slater og Jay Rayner.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Directors' Report and Consolidate Financial Statemenst For the 52 week periode ended 12 July 2015». 
  2. Suzy Gershman (2006). Born to Shop London. Hoboken, NJ: Wiley Publishing, Inc. ISBN 978-0-7645-9891-3. Henta 5. februar 2013. 
  3. «Single Hen Scotch Egg». Fortnum & Mason. Henta 22. august 2011. 
  4. Glancey, Jonathan (5. november 2007). «A facial at Fortnums? Never!». The Guardian (London). Henta 5. februar 2013. 
  5. «1700s». F&M. Henta 5. Ffebruar 2013. 
  6. 6,0 6,1 «1800s». F&M. Henta 5. februar 2013. 
  7. «Lord Ampthill». The Daily Telegraph. 26. april 2011. Henta 5. februar 2013. 
  8. 8,0 8,1 Onwuemezi, Natasha (11. mai 2018). «Hussain and Slater win Fortnum & Mason Food and Drink Awards». The Bookseller. Henta 12. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fortnum & Mason

51°30′30″N 0°08′18″W / 51.5083°N 0.1384°W / 51.5083; -0.1384