Fortrengingspumpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei fortrengingspumpa er ei pumpa som sug væska eller gass inn, lukkar fluidet inn i eit fast volum, for så å pressa det ut gjennom utløpet. Dette er den eine hovudkategorien av pumper. Den andre typen er strøymingspumper. Manuelle pumper er vanlegvis fortrengingspumper som vert drivne av ei lineær rørsle. Maskindrivne pumper er vanlegvis drivne av ein motor med roterande aksling. Ved ulik utforming av pumpa kan ho få radial eller aksial arbeidsrørsle. Pumper vert difor også delte inn i aksial- og radialpumper.

Fortrengingspumper høver godt for væsker med høg viskositet eller dersom ein treng høgt trykk eller presis dosering.

Kapasiteten til pumpa vert oppgjeve som fortrengingsvolum, det vil seia kor mykje pumpa leverer per omdreiing. Ved eit visst turtal får då pumpa ei leveringsmengd på eit visst volum per tidseining, som då kan verta oppgjeve i liter per minutt eller kubikkmeter per sekund.

Nokre vanlege typar fortrengingspumper er:

  • Tannhjulspumpa, der eitt eller to tannhjul roterer og dreg med seg fluidet mellom tennene.
  • Stempelpumpa, der eit stempel går opp og ned i ein sylinder, på same måte som i ein vanleg forbrenningsmotor. Når stempelet går inn i sylinderen, vert det eit holrom som fluidet frå innløpsporten fyller. Når stempelet går ut att, vert fluidet pressa ut gjennom utløpsporten. Ei vanleg sykkelpumpa er ei stempelpumpa.
  • Skruepumpa, der ein skrue roterer slik at fluidet går mellom gjenga frå den eine enden til den andre.
  • Membranpumpa fungerer nesten på same måte som ei stempelpumpa, men med ein membran i staden for stempel.
  • Impellerpumpa, der mjuke gummiskovlar dreg med seg fluidet frå innløpet til utløpet. Desse pumpene er vanlege i små anlegg som t.d. kjølevassystem på båtar.