Fortune Gordien
| Fortune Gordien | |
| Statsborgarskap | Storbritannia, USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
| Fødd | 9. september 1922 Spokane |
| Død | 10. april 1990 (67 år) Fontana |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952 |
Fortune Everett Gordien (9. september 1922–10. april 1990) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg i diskoskasting, men òg var ein framifrå kulestøytar. Bortsett frå tre veker i 1953 var han verdsrekordhaldar i diskoskast frå 1949 til 1959.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Gordien vart tredjemann i diskoskast ved Sommar-OL 1948, slått av italienarane Adolfo Consolini og Giuseppe Tosi. Året etter sette han verdsrekord med 56,36 m i Lisboa den 3.juli, ein rekord han forbetra til 56,77 m i Hämeenlinna den 14. august. I juni 1953 sletta landsmannen Sim Iness rekorden hans, men allereie den 11. juli var Gordien tilbake som verdsrekordhaldar då han kasta 58,10 m i Pasadena. Same staden den 22. august 1953 smekka han til med 59,28 meter, visstnok med berre 48 menneske til stades. Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne hausten 1956 sikra Gordien seg sølvmedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fortune Gordien» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1922
- Døde i 1990
- Diskoskastarar frå USA
- Kulestøytarar frå USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1948
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1948
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956