Forum Romanum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forum Romanum.

Forum Romanum (italiensk Foro Romano, 'det romerske forumet') er eit rektangulært romersk forum som i dag er omgjeve av ruinar av fleire viktige administrasjonsbygningar frå antikken i sentrum av dagens Roma. Borgarane av den antikke byen refererte i si tid til denne opne plassen, opphavleg berre ein marknadsplass eller torg, som Forum Magnum («det store forumet») eller ganske enkelt som Forum. Forum Romanum var og er det største og mest kjende av keisarforuma i Roma. Det var sentrum for det politiske, juridiske og kommersielle livet i Romarriket.

I fleire hundreår var Formu sjølve hjartet i det offentlege livet i Romarriket. Det var her prosesjonane under triumftoga fann stad, her vala gjekk føre seg, her ein heldt offentlege talar, rettsprosessar mot kriminelle og gladiatorkampar. Det blei også sett opp statuar og monument som hylla og minna dei store personlegdommane frå historia til byen. Forum Romanum ligg i ein liten dal mellom Palatinerhøgda og Kapitolhøgda, men er i dag ein bidstrektruin av arkitektoniske fragment og arkeologiske utgravingar som får rundt 4,5 millionar vitjande årleg.[1][2]

Mange av dei eldste og viktige strukturane i den antikke byen låg anten på Forum eller i nærleiken. Dei eldste heilagdommane til Det romerske kongedømt låg ved den søraustlege enden. Blant desse var den tidlegare kongelege residensen, Regia (700-talet f.Kr.), og Vestatempelet (600-talet f.Kr.), i tillegg til det omliggjande komplekset, Atrium Vestæ, til vestalinnene, som alle blei bygde eller ombygde etter framvoksteren av det keisarlege Roma.[3]

Andre arkaiske heilagdommar i den nordvestlege delen av Forum, slik som Umbilicus Urbis («Romas navle»)[4] og Volcanal (Vulkan sin heilagdom),[5] utvikla seg til den formelle samlingsstaden (Comitium) til republikken. Dette var òg staden der det romerske senatet, og den republikanske regjeringa i seg sjølv, byrja. Huset til senatet, kontora til styresmaktene, tribunal, tempel, minnesmerke og statuar kom gradvis til fylla opp området.

Over tid blei det arkaiske Comitium erstatta av det større tilstøytande Forum, og fokuset på juridiske aktivitetar flytta til eit nytt stad, Basilica Æmilia (179 f.Kr.). Rundt 130 år seinare fekk Julius Cæsar bygd Basilica Julia, og saman med det nye Curia Julia, gav det endra fokus for dei juridiske kontora og for senatet sjølv. Dette nye Forumet, i det som blei den endelege forma, fungerte deretter som eit revitalisert bysentrum der folk og borgarar i Roma kunne samlast for kommersielle, politiske, juridiske og religiøse føremål i stadig større mengder.

Til sist kom mange av dei økonomiske og juridiske sakene til å overførast til dei større og meir ekstravagante bygningsstrukturane i nord, Trajans forum og Basilica Ulpia. Under styret til keisar Konstantin den store kom den siste omfattande utvidinga av Forum med Maxentiusbasilikaen i 312 e.Kr. Det var arkitektonisk imponerande med store kvelvar som strekte seg 39 meter over bakken,[6] og førte til at det politiske senteret igjen blei flytt tilbake til Forum. Der blei det verande fram til Vestromarriket fall bortimot to hundreår seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grant, Michael (1970): The Roman Forum, London: Weidenfeld & Nicolson; s. 11.
  2. «La top ten dei monumenti più visti Primo il Colosseo, seconda Pompei», Lastampa.it.
  3. Lutwyche, Jayne (7. september 2012): «Who were the Vestal Virgins?», BBC
  4. Gorski, Gilbert J.; Packer, James E. (11. juni 2015): The Roman Forum: A Reconstruction and Architectural Guide. Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-19244-6, s. 155
  5. Hülsen, Christian (1906): The Roman Forum: Its History and Its Monuments; Ermanno Loescher & Co.
  6. Seindal, René (6. august 2003): «Basilica of Maxentius - the last and largest basilica in the Roman Forum», Photo Archive