Forvaltingslova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forvaltingslova av 10. februar 1967 er ei norsk lov. Forvaltingslova gjeld for den verksemda som blir drive av forvaltinga, det vil seie stat eller kommune og organ for desse.

Lova vart sett i verk den 1. januar 1970. Forvaltingslova er endra mange gongar etter 1970. Det er gitt føresegner (forskrifter) til lova.

Forvaltingslova er den sentrale lova som gir generelle reglar for forvaltinga. Offentleglova er den andre viktige generelle lova.

I tillegg gjeld innanfor forvaltingsretten mange ulovfesta reglar. For dei ulike delane av forvaltinga er det dessutan eigne lover som supplerer eller gir avvikande reglar, f eks Opplæringslova og Kommunelova.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]