Forvrenging i musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein klassisk overdrive-pedal frå Ibanez.

Forvrenging eller distortion i musikk er ein effekt som endrar lyden. Han vart typisk nytta i samband med elektriske gitarar i form av ein effektpedal som er kopla til ein gitarforsterkar,[1] eller som ein innebygd funksjon i forsterkaren.[2] Bruken av effekten byrja då ein oppdaga at røyrforsterkarar går overdrive (kjem i høg intensitet) når røyra vert overbelasta. Overdrive i si reine form utan effektpedalar vert stadig nytta i flittig i kombinasjonen mellom hammondorgel og Leslie-høgtalarar. Sistnemnte er ein særskild konstruert forsterkar/høgtalar som vert nytta for å frambringe spesielle lydeffektar ved å utnytte dopplereffekten. Denne lyden vart utvikla og perfeksjonert av Jon Lord frå rockebandet Deep Purple.[3] I musikksjangrar som rock, heavy metal og hardrock vert desse lydeffektane nytta ofte. Forvrenging av lyd i negativ forstand, til dømes ved komprimering av lydfiler som MP3 er noko anna.[4]

Overdrive / distortion[endre | endre wikiteksten]

Ein overdrivepedal klipper eller overstyrer og/eller komprimerer dynamikken i eit lydsignal. Effekten legg til sustain (varigheit), harmoniar, og overtonar som gitaren ikkje ville hatt utan desse hjelpemidla. Den mest brukte typen pedalar legg til sustain og ein varmare, rundare klang, mens dei meir ekstreme legg til mange overtonar som ikkje eksisterer i den eigentlege tonen, og gjer at ein får ein mykje meir kompleks og dissonerande tone, som lyder skarpare for øyret.

Ein annan måte å oppnå distortionlyd er å gje ein røyrforsterkar eit mykje sterkare signal (gain) enn han klarer å behandle. Og ein oppnår då same effekt. Det er denne metoden ein meiner når ein bruker ordet «overdrive». Ein varierer då graden av forvrenging (distortion) ved å justere innsignalet opp for å få meir forvrenging eller ned for å få mindre. Mange gitarister meiner denne metoden gir ein betre og meir autentisk distortioneffekt. Dei fleste røyrforsterkarar til elektrisk gitar og bassgitar er tilrettelagt for dette.

Fuzz[endre | endre wikiteksten]

Ein fuzzboks lager òg ein forvrengt versjon av lydsignalet, men i motsetnad til andre distortionpedalar, aukar han og klipper signalet tilstrekkeleg. Dermed vert ei vanleg sinusbølgje om til ei bølgjeform som er mykje nærare ei firkantbølgje. Lyden av dette gjev ein klassisk fuzztone, som er litt røff i kantane. Han blir enno meir forvrengd enn lyden i ei vanleg forvrenging eller overdriveboks. Fuzzlyden har vanlegvis òg ein lågare mellomtone enn andre forvrengde eller endra lydar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Guitar Distortion Pedals», AMS
  2. «Guitar Dictionary» Arkivert 2017-12-08 ved Wayback Machine., Music Dictionary
  3. «Jon Lord», Dairiki.org
  4. «The Distortion of Sound», arkivert frå originalen 30. september 2014, henta 18. februar 2018