Fosnavåg Nedre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fakta om Fosnavåg Nedre
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Fosnavåg Nedre (gnr 33)
Folkemengd: 288 (2005)
Postnummer: 6090

Fosnavåg Nedre er ein matrikkelgard i HerøySunnmøre og ein del av tettstaden Fosnavåg.

Fosnavåg Nedre tilsvarar grunnkrinsen Fosnavåg sentrum og strekkjer seg frå Huldal, grensa mot Igesund, og til Nørvåg og Fosnavåg Øvre i andre enden. I denne krinsen finn ein Herøy Frikyrkje, Fosnavåg bedehus, hovudkontora til avisene Herøynytt og Vestlandsnytt, promenade og statuen Fiskarkona på Vågsplassen, Herøy Rådhus, samt hovudtyngda av handelsstanden i kommunen. I tillegg er mykje anna næringsliv samla her i næringsbygga Fosnavåg Brygge og Holmsild Brygge. Reiarlaga Rem Offshore ASA, Olympic Shipping AS, Trico Supply AS, Remøy Management AS, Fosnavåg Shipping AS, samt fleire mindre offshore- og fiskerireiarlag er òg samla i denne delen av Fosnavåg. Ved Vågsplassen finn ein òg Hotel Neptun.