Fosnes kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fosnes kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Namsos
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Fosnes
Fellesråd Fosnes
Material tre
Innvigd 1926
Kyrkjegard det er kyrkjegard ved kapellet
Kart
Fosnes kapell
64°41′01″N 11°17′59″E / 64.6837°N 11.2996°E / 64.6837; 11.2996

Fosnes kapell er eit lite kapell i Fosnesvågen nordaust på Jøa i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Kapellet ligg ved Fosnes gamle kyrkjegard, er i tre og har om lag 45 plassar. Fosnes gamle kyrkjegard er framleis i bruk.

Den gamle kyrkjestaden i Fosnes låg i Fosnesvågen og Fosnes kyrkje skal ha vore reist rundt år 1250. Etter at Fosnes kyrkje i 1896 var nedbrunnen for tredje gongen vart det debatt om kvar kyrkja skulle setjast oppatt. Ein kom fram til at den nye soknekyrkja, Dun kyrkje, skulle setjast opp på Dun, midt på Jøa.[1][2]

Det vert halde gudsteneste på den gamle kyrkjestaden kvar Olsok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Nord-Trøndelag
  2. Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Nord-Trøndelag fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 145–146.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]