Fossli Hotel

Koordinatar: 62°25′39″N 7°15′17″E / 62.42750°N 7.25472°E / 62.42750; 7.25472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°25′39″N 7°15′17″E / 62.42750°N 7.25472°E / 62.42750; 7.25472

Fossli Hotel kan skimtast oppe på kanten.
Foto: Philippe Teuwen

Fossli Hotel er eit hotell som ligg på Fossli ved Vøringsfossen ved toppen av Måbødalen i Eidfjord kommune.

Ola L. Garen (1857-1915) frå Sysendalen var den som fekk idéen til hotellet i 1880-åra. På den tida fanst det berre ein fotsti til toppen av Vøringsfossen. Engelske turistar hadde tidlegare skjemta om at eit hotell her kunne bli ein verdsattraksjon, og Ola tok dei på ordet. Men for å kunna realisera planane sine, måtte han ha ein betre veg for hest og kløv opp Måbødalen. Alle materialar til hotellet måtte fraktast opp på hesteryggen, og med Ola L. Garen i spissen, vart det sett i stand ein ny veg. Vegen fekk namnet Tømmerløypet, og vart etter dette hovudvegen opp Måbødalen.

Hotellet fekk namnet Fossli Hotel, og vart designa av arkitekten Frederik Konow Lund i jugendstil. Det tok imot sine fyrste gjester i 1887 og stod ferdig i 1891.

Fossli Hotel trekkjer naturleg nok mange gjester grunna den storslagne Vøringsfossen. Opp gjennom åra har det vore vitja av både forfattarar, musikarar og kongelege. Edvard Grieg budde på hotellet sommaren 1896, og komponerte "Norske folkeviser - Opus 66" her. Det står framleis eit piano på hotellet laga i 1896 av fabrikken Zimmerman i Leipzig, som Edvard Grieg ein gong har spelt på.

Hotellet har vore i eige av familien Garen i fire generasjonar, og vert i dag drive av oldebarnet til Ola, Erik Garen. Det har pr. i dag 21 soverom, restaurant, kafe, bar og souvenirbutikk. Det er òg mogleg å nytta hotellet som konferanselokale.

Forøvrig har hotellet, saman med dei andre som bur på den delen av Eidfjord som ligg i dette området, postadresse 5785 VØRINGSFOSS.

Fossli Hotel må ikkje forvekslast med Vøringsfoss Hotel, som ligg to mils køyring unna, i Eidfjord sentrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]