Fossmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fossmark ved Sørfjorden, sett frå Osterøy

Fossmark er ein matrikkelgard i Vaksdal kommune, gardsnummer 19, som ligg på austsida av Sørfjorden mellom bygdene Vaksdal i sør og Stanghelle i nord. Både E16 og Bergensbanen går gjennom garden, men jernbana har ikkje lenger stoppestad i Fossmark. Tidlegare hadde garden fire bruk i drift, i dag er det berre eitt av bruka som enno driv med sauer (i småskala). I Fossmark finn me ni befolka bustadhus, samt ein god del hytter/fritidsbustadar. Mest kjend ved staden er nok BKK sin kraftstasjon, Fossmark kraftverk. Fossmarkvassdraget vart utbygt i 1917, og er såleis det første kommunale kraftverket som vart bygt i det som no heiter Vaksdal kommune. Frå gamalt av var det også ein treskofabrikk her i Fossmark.

Folkemusikaren Johannes Olsson Fossmark var frå garden.