Fotball-EM 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europameisterskapen i fotball 1987 var den andre europameisterskapen i fotball for kvinner. Noregs lag vart europameister på heimebane.

Meisterskapen vart avvikla dagane 11.-14. juni 1987 i Oslo, Moss og Drammen. Dei fire deltakarlanda Noreg, tittelforsvarar Sverige, England og Italia var kvalifiserte som gruppevinnarar gjennom EM-kvalifiseringa 1984-86. I semifinalane vann Noreg 2-0 over Italia på Ullevaal stadion etter mål av Trude Stendal og Heidi Støre, medan Sverige i Moss sikra finalebillett med siger 3-2 over England etter ekstraomgangar. To dagar seinare tok Italia bronsemedalje ved å vinne 2-1 mot England i Drammen.

Finalen mellom Noreg og Sverige fann stad på Ullevaal stadion i Oslo den 14. juni framfor 8 470 tilskodarar. Dei såg at midtspiss Trude Stendal gav Noreg leiinga i det 28. minutt og at ho la på til 2-0 i det 72. minutt. Sverige reduserte omgåande til 1-2 ved Lena Videkull, men meir nettsus vart det ikkje.

Noregs meisterlag bestod av: Janne Andreassen, Toril Hoch-Nielsen, Liv Strædet, Bjørg Storhaug, Mariann Mortensen, Ellen Scheel, Tone Haugen, Heidi Støre, Trude Stendal, Gunn Nyborg og Kari Nielsen. Hege Ludvigsen tok plassen til Nielsen frå det 78. minutt. Erling Hokstad var norsk landslagssjef.

Dommar var Eero Aho frå Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]