Fotball-EM 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europameisterskapen i fotball 1989 var den tredje europameisterskapen i fotball for kvinner. Vertslandet Vest-Tyskland vart europameister etter å ha vunne 4-1 over tittelforsvarar Noreg i finalen.

Turneringsformatet var det same som i 1987, med fire deltakarland og semifinalar/finalar i eitt av dei fire meisterskapskvalifiserte landa; Noreg, Sverige, Vest-Tyskland og Italia. Meisterskapen vart avvikla dagane 28. juni til 2. juli 1989 i vesttyske Siegen, Lüdenscheid og Osnabrück. I semifinalane tok Vest-Tyskland seg vidare til finalen gjennom straffesparktevling, etter at sjølve kampen enda 1-1, medan Noreg vann 2-1 over Sverige med mål av Linda Medalen og Sissel Grude. Sverige kapra sidan bronse gjennom siger 2-1 mot Italia etter ekstraomgangar i bronsefinalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom tittelforsvarar Noreg og Vest-Tyskland fann stad på eit fullsett Stadion an der Bremer Brücke i Osnabrück den 2. juli. Dei 22 000 tilskodarane såg at Ursula Lohn skåra to gongar før Heidi Mohr la på til 3-0 straks før pausesignalet let. I det niande minutt av andre omgang reduserte Sissel Grude for Noreg, atten minuttar seinare fastsette Angelika Fehrmann sluttresultatet til 4-1.

Vest-Tyskland mønstra: Marion Isbert, Frauke Kuhlmann, Jutta Nardenbach, Sissy Raith, Andrea Haberlaß, Doris Fitschen, Silvia Neid, Petra Damm, Martina Voss, Heidi Mohr og Ursula Lohn. Roswitha Bindl vart bytta inn midtvegs i fyrste omgang og Angelika Fehrmann kom innpå då kampen var ein time gammal. Ut gjekk høvesvis Haberlaß og Fitschen.

Noreg stilte med: Hege Ludvigsen, Agnete Carlsen, Liv Strædet, Cathrine Zaborowski, Gunn Nyborg, Toril Hoch-Nielsen, Tone Haugen, Heidi Støre (kaptein), Linda Medalen, Sissel Grude og Birthe Hegstad. I løpet av kampen tok Turid Storhaug og Trude Haugland over for Hoch-Nielsen og Hegstad. Erling Hokstad var norsk landslagssjef.

Dommar var Carlos Silva Valente frå Portugal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 1989-90.