Fotball-EM 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i fotball 1993 var den femte europameisterskapen i fotball for kvinner. Noreg vart europameister etter finalesiger 1-0 over vertslandet Italia i Cesena 4. juli 1993.

Turneringsformatet var det same som ved dei tre føregåande meisterskapane. Dei fire deltakarlanda møttest til semifinalar/finalar i eitt av dei fire meisterskapskvalifiserte landa; Noreg, Tyskland, Italia og Danmark, nett dei same fire som i EM 1991. Meisterskapen vart avvikla dagane 29. juni-4. juli 1993 i dei italienske byane Santa Sofia, Rimini, Cesenatico og Cesena, alle saman i provinsen Emilia-Romagna.

I semifinalane spelte vann Noreg 1-0 mot Danmark i Santa Sofia, medan Italia tok seg til finalen etter straffesparktevling mot Tyskland, sjølve kampen enda 1-1. Som ved førre EM vann Danmark bronsefinalen, her med 3-1 over Tyskland.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen i EM 1993 vart avvikla på Dino Manuzzi-stadion i Cesena

Finalen mellom vertslandet Italia og Noreg fann stad 4. juli på Dino Manuzzi-stadion i Cesena framfor 7 000 tilskodarar. Den norske innbytaren Birthe Hegstad vart matchvinnar då ho i det 75. minutt skåra kampens einaste mål. Det var andre gongen Noreg vann fotball-EM for kvinner.

Noregs vinnarlag bestod av: Reidun Seth, Katrine Nysveen, Nina Nymark Andersen, Cathrine Zaborowski, Gro Espeseth, Agnete Carlsen, Heidi Støre (kaptein), Hege Riise, Anne Nymark Andersen, Linda Medalen og Ann Kristin Aarønes. Birthe Hegstad tok frå pausa plassen til Aarønes, medan Kristin Sandberg kom inn like før slutt då Medalen gjekk ut. Even Pellerud var norsk landslagssjef.

Dommar var Alfred Wieser frå Austerrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 93-94