Fotball-EM 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i fotball 1995 var den sjette europameisterskapen i fotball for kvinner. Tyskland vart europameister etter finalesiger 3-2 mot Sverige 26. mars 1995 i Kaiserslautern.

Åtte land deltok i meisterskapen som vart avvikla med cupspel i tida oktober 1994 til mars 1995. Kvartfinalane med heime- og bortekamp vart unnagjort frå 9. til 30. oktober 1994. Tyskland slo ut Russland, Noreg vann over Italia og Sverige over Danmark, før England eliminerte Island. I semifinalane slo Tyskland ut England, medan Sverige på seinvinteren 1995 vann over Noreg etter tap 3-4 i bortekampen i Kristiansand og siger 4-1 heime i Jönköping.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart etter loddtrekning spelt i Tyskland og lagt til Fritz Walter-stadion i Kaiserslautern den 26. mars. Og for fyrste gong vart det spelt 2 x 45 minuttar i ein kvinnefinale. 8 500 tilskodarar såg Malin Andersson sende Sverige i føringa i det sjette minutt og Maren Meinert utlikne i det 32. minutt. Så gav innbytar Birgit Prinz Tyskland leiinga 2-1 i det 64. minutt. Nitten minuttar seinare la Bettina Wiegmann på til 3-1, det hjelpte lite at Anneli Andelén reduserte til 2-3 fem minuttar etter. Det var tredje gongen Tyskland/Vest-Tyskland vann fotball-EM for kvinner.

Tysklands vinnarlag bestod av: Manuela Goller, Anouschka Bernhard, Ursula Lohn, Birgitt Austermühl, Bettina Wiegmann, Maren Meinert, Silvia Neid, Martina Voss, Dagmar Pohlmann, Heidi Mohr, Patricia Brocker. Birgit Prinz tok plassen til Brocker i det 62. minutt og Pia Wunderlich kom inn i sluttsekundane.

Dommar var Ilkka Koho frå Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]