Fotball-EM 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i fotball 2001 var den åttande europameisterskapen i fotball for kvinner. Vertsland og tittelforsvarar Tyskland vart europameister etter å vunne over Sverige på «golden goal» 7. juli 2001 i Ulm.

Meisterskapsturneringa vart arrangert i Tyskland i tida 23. juni til 7. juli 2001. Kampane vart avvikla i Erfurt, Jena, Aalen, Reutlingen og Ulm. Dei åtte kvalifiserte deltakarlanda var delt i to grupper à fire lag. Vertslandet Tyskland vann gruppe A og fekk med seg Sverige til semifinalane, England og Russland vart slått ut. Danmark toppa gruppe B, der Noreg fekk den siste semifinaleplassen med betre målskilnad enn Italia, Frankrike enda sist i gruppa.

I semifinalane vann Tyskland mot Noreg og Sverige mot Danmark. Begge kampane vart avgjort med eitt mål mot null.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Tyskland og Sverige vart spelt på Donaustadion i Ulm 7. juli 2001 framfor 18 000 tilskodarar. Etter nitti mållause minuttar gjekk kampen vidare til såkalla «golden goal», det er fyrste målet vinn. I det 8. minutt av ekstraomgangane vart tyske Claudia Müller matchvinnar. Det var tredje gong på rad Tyskland vann EM-finalen.

Dommar var Nicole Petignat frå Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]