Fotball-EM 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i fotball 2009 var den tiande europameisterskapen i fotball for kvinner og vart for fyrste gong arrangert i Finland. Tittelforsvarar Tyskland vart europameister med finalesiffera 6-2 mot England den 10. september 2009 i Helsinki. Det var femte gong på rad Tyskland vann EM-finalen.

Meisterskapsturneringa fann stad i Finland i tida 23. august til 10. september 2009. Kampane vart avvikla på fem arenaer i fire byar; Helsinki, Tampere, Lahti og Turku.

Gruppespelet[endre | endre wikiteksten]

Dei tolv kvalifiserte deltakarlanda var delt i tre grupper à fire lag. Omframt vertslandet Finland deltok Danmark, England, Frankrike, Island, Italia, Nederland, Noreg, Russland, Sverige, Tyskland og Ukraina. Frå gruppespelet til kvartfinalane gjekk dei to beste laga i gruppene og dei to tredjeplasserte med flest poeng, eventuelt målskilnad.

Kvartfinalar og semifinalar[endre | endre wikiteksten]

Frå kvartfinalane gjekk England, Tyskland, Noreg og Nederland vidare til semifinalane, sistnemnde etter straffesparktevling mot Frankrike. Noreg slo ut Sverige med 3-1. I semifinalane vann England 2-1 over Nederland etter ekstraomgangar, medan Tyskland eliminerte Noreg med sigerssifra 3-1.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Tyskland og England vart spelt på Olympiastadion i Helsinki 10. september 2009 framfor 15 877 tilskodarar. Birgit Prinz opna målprotokollen i det 20. minutt og Melanie Behringer la på til 2-0 for Tyskland to minuttar seinare. Etter nye to minuttar reduserte Karen Carney til pausestillinga 1-2. Kim Kulig auka Tysklands leiing i det 50. minutt før Kelly Smith reduserte til 2-3 fem minuttar seinare. To mål av Inka Grings i det 62. og 73. minutt auka den tyske leiinga til tre mål, medan Birgit Prinz fastsette sluttresultatet til 6-2 i favør Tyskland i det 76. minutt.

Tysklands vinnarlag bestod av: Nadine Angerer, Babett Peter, Annike Krahn, Saskia Bartusiak, Linda Bresonik, Melanie Behringer, Simone Laudehr, Kim Kulig, Kerstin Garefrekes, Birgit Prinz og Inka Grings. Célia Okoyino da Mbabi og Fatmire Bajramaj vart slept ut på bana i det 60. og 83. minutt, av bana gjekk høvesvis Behringer og Garefrekes.

England stilte med: Rachel Brown, Casey Stoney, Faye White (kaptein), Anita Asante, Alex Scott, Eniola Aluko, Fara Williams, Kate Chapman, Karen Carney, Kelly Smith og Jill Scott. Etter 80 og 84 minuttars spel vart Aluko og Chapman bytta ut, inn kom Lianne Sanderson og Emily Westwood.

Dommar var Dagmar Damkova frå Tsjekkia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]