Fotballkampen Noreg-England i 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fotballkampen Noreg – England i 1981 var ein kvalifiseringskamp i gruppe 4 til VM i fotball 1982. Kampen vart avvikla onsdag 9. september på Ullevål stadion i Oslo, med 24 000 tilskodarar på tribunane.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Noregs lag bestod av Tore Antonsen, Bjarne Berntsen, Einar Aas, Åge Hareide, Svein Grøndalen, Anders Giske, Roger Albertsen, Hallvar Thoresen (kaptein), Arne Larsen Økland, Pål Jacobsen og Tom Lund. Arne Dokken deltok siste kvarteret i staden for Lund, medan Trond Pedersen spelte 4 minutt, etter Økland gjekk av bana.

England stilte med: Ray Clemence, Phil Neal, Phil Thompson, Russell Osman, Mick Mills, Bryan Robson, Kevin Keegan (kaptein), Terry McDermott, Paul Mariner, Trevor Francis, Glenn Hoddle. Eit stykke ut i andre omgang måtte Hoddle og deretter Mariner vike plass, inn kom Peter Barnes og Peter Withe.

Bryan Robson sende bortelaget framom i det 14. minutt. Tom Lund utlikna i det 34. minutt, ei skåring som nokså grunnlaust vart tilkjent Roger Albertsen. Like før pause vart Hallvar Thoresen matchvinnar då han plasserte ein retur i Englands mål.

Dommaren Jerzy Kacprzak var frå Polen.

Tor Røste Fossen var norsk landslagssjef.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Kampen vert hugsa for det sensasjonelle resultatet, og ganske særleg for den tiraden NRK sin radiokommentator, Bjørge Lillelien, kom med då kampen var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]