Fotballspelaren Roar Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotballspelaren Roar Johansen
Fødd 8. juli 1935
Fredrikstad
Død

23. oktober 2015
Fredrikstad

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Roar Johansen (8. juli 193523. oktober 2015) var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som vann tre seriegull og tre cupgull med Fredrikstad Fotballklubb i tida 1957-66.

Johansen var forsvarsspelar i FFK i 15 sesongar, 1953-67. I 1957 og på ny i 1961 var han med å vinne både seriemesterskapen og cupfinalen, og vart såleis to gongar norsk dobbelmeister. Vidare vart han seriemeister i 1960 og cupmeister i 1966.

Johansen debuterte på det norske landslaget i 1958 og spelte i alt 61 landskampar i tida fram til han la opp i 1967. I åra 1960 til 1967 var han etter kvart eit fast innslag på høgrebacken og spelte 54 landskampar på rad, ein prestasjon ingen annan har gjort han etter. Høgdepunktet på landslaget var den sensasjonelle 3–0-sigeren over Jugoslavia i ein VM-kvaifiseringskamp på Ullevaal stadion i Oslo, 16. juni 1965.

Johansen døydde 23. oktober 2015.[1]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1957, 1960 og 1961 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1957, 1961 og 1966 med Fredrikstad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nils Arne Eggen: Roar var min store mentor», Fredrikstad Blad, 24. oktober 2015.