Fotballspelaren Torbjørn Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotballspelaren Torbjørn Svendsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juni 1954 (69 år)
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar

Torbjørn Svendsen (fødd 1. juni 1954) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger som spelte på Viking Fotballklubb frå 1973 til -86 og vann to seriegull og ein NM-tittel for klubben. Vengspelaren spelte 7 landskampar, alle i 1979.

Svendsen fekk plass i Viking-stallen i 1973, men det tok eit par sesongar før han sikra seg fast plass i fyrsteellevaren til laget. Han vart seriemeister og cupmeister med Stavanger-laget i 1979 og på ny seriemeister i 1982. Gjennom sine 14 sesongar i Viking spelte han i 237 seriekampar.

I løpet av fem månader i 1979, frå mai til september, deltok Svendsen i sju landskampar for Noregs landslag; det gjaldt kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1980, fotball-EM 1980 og ein kamp mot Sverige i den nordiske fotball-meisterskapen. Han kom aldri på skåringslista.

Svendsen arbeidde seinare i sportsredaksjonen i Rogalands Avis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]