Fotballtrenaren Roar Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roar Johansen
Personleg informasjon
Fødd19. november 1968 (51 år)
FødestadMoss i Noreg
Ungdomskarriere
Lag
Rygge Idrettslag
Trenarlag
ÅrLag
2009-2012Sarpsborg 08
2013-Ull/Kisa

Roar Johansen (fødd 19. november 1968 i Moss) er ein norsk fotballtrenar som er hovudtrenar for Ull/Kisa.[1] Johansen har éin sesong som trenar på øvste nivå i Noreg då han leia Sarpsborg 08 i Tippeligaen 2011.

Johansen førte Sarpsborg 08 til to opprykk til Tippeligaen tida si som hovudtrenar der. For dette vart han blant anna kåra til Årets trenar i 1. divisjon 2010 av NRK.[2] Hausten 2012 vart det klart at han ikkje fekk fortsette som trenar i Sarpsborg 08, trass i at laget rykte opp til Tippeligaen 2013.[3]

Johansen har tidlegare vore junior- og keepertrenar i Moss og trenar på aldersbestemte jentelandslag.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • -Jeg gleder meg veldig - rb.no, 28/11-2012
  • Han er årets trener! - nrk.no, 24/11-2010
  • «Roar Johansen får ikke ny kontrakt». sa.no. 31. juli 2012. Arkivert frå originalen 2012-11-05. 
  • «- Jeg sluttet med fotballen». nettavisen.no. 12. november 2009. Arkivert frå originalen 2012-11-29.