Fotofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein fotofonmottakar og hovudmikrotelefon, ein halvdel av Bell og Tainter sitt optiske telekommunikasjonssystem i 1880.

Fotofon eller lystelefon er eit apparat til overføring av tale ved hjelp av lys. I mikrofonen i avsendarapparatet blir talelyden omsett til elektriske svingingar som blir forsterka og regulerer styrken av ei lyskjelde i same takt. Lyset blir sendt i ein smal bunt frå ein holspegel (til dømes i ein mastetopp) i ei bestemd retning og blir oppfanga av holspegelen til mottakaren, som reflekterer lyset mot ei fotocelle, der elektriske svingingar vert skapt i takt med vekslinga i lysstyrken og omsett til lydar igjen i ein telefon. Fotofonar er uavhengig av elektriske og magnetiske forstyrringar, men kan berre brukast på synleg avstand.

Han vart oppfunnen av Alexander Graham Bell og assistenten hans Charles Sumner Tainter den 19. februar 1880, i laboratoriet til Bell i Washington, D.C.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fotofon. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/fotofon.
  1. Bruce 1990, s. 336