Fotografietterretning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Admiral Kuznetsov»beddingen. IMINT frå den amerikanske optikk-elektroniske satellitten KH-11 Kennen i 1984

Fotografietterretning eller bilete-etterretning (engelsk IMagery INTelligence - forkorta IMINT) er ein etterretningsdisiplin som baserer seg på innsamling og analyse av informasjon via kunstig satellitt eller flyfotografering.

Satellittbilete[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte skote opp fleire hundre rekognoseringssatellittar som tek bilete eigna for bileteetterretning. Nokon av dem tener òg sivile føremål, som å skaffa tilveie kartografisk underlagsmateriale. Andre er haldne strengt løynlege, og er gjerne sett til å overvaka spesielle område av militær interesse.

Den fremste oppgåva til dei såkalla spionsatellittane er å overvaka aktivitet på bakken. Oppløysinga og klårleiken i bileta har vorte særs god, og ein kan skilja ut og identifisera små gjenstandar. I tillegg vert det brukt varmefølsomt utstyr, som kan kartleggja menneskeleg aktivitet, køyretøy, industri og kraftverk, sasmt militære avlingar. Det er ofte mogleg å skilja ut ulike typar avlingar ut frå varmen dei strålar ut, noko som er brukt blant anna til å kartleggja dyrking av planter for produksjon av narkotika. Bileta frå satellittane kan òg brukast til å laga tredimensjonelle kart, som er gode reiskapar i planlegging av militære aksjonar, og i styringssystem for rakettar og særleg kryssarmissil.

Utbreiinga av gode sivile satellittkamera har ført til at land som ikkje sjølv har spionsatellittar har kunna skaffa biletmaterial som er eigna til biléte-etterretning.

Fleire land, i det minste USA og Russland, og òg Folkerepublikken Kina og andre, har utvikla våpensystem som kan øydeleggja satellittane til andre nasjonar. I krigstid vil det å kunna «blinda» fienden vera avgjerande for å kunna gjera t.d. troppeforflytningar utan å oppdagast.

Flyfotografering[endre | endre wikiteksten]

Fotografering frå lufta har ei betydeleg lengre historie. Allereie i den amerikanske borgarkrigen brukte ein varmluftsballonger som plattformer for overvåking. Dengong var fotografi av slik kvalitet at ein sjeldan kunne bruka dei i etterretningssyfte. Under første verdskrig var det tilgjengelege utstyret betre, og spesielt under den strategiske krigføringa på vestfronten var det praktisk å kunna ta bilete som kunne analyserast i ro og mak bak fronten, slik at ein kunne identifisera fiendtlige stillingar. I tillegg til ballongar som vart kontrollert ved hjelp av vinsjar, brukte ein òg luftskip og fly til fotografering.

Under andre verdskrigen vart flyfotografering meir utbreidd innan etterretningsverksemnd. Ein brukte både fotografi og film, og mange jagar- og bombefly vart utstyrt med kamera slik at ein kunne sjå effekten etter utført oppdrag og eventuelt justera framgongsmåten.

Under den kalde krigen byrja ein å utvikla dedikerte spionfly, som i tillegg til fototustyr, òg hadde anna utstyr for å samla etterretningsmateriale. Det første flyet av denne typen, Lockheed U-2, er enno i bruk. Fordelen med slike fly framfor satellittar er at det ofte er raskare å senda dei inn over rett område og ein kan få bilete frå fleire vinklar, sidan dei ikkje er bundne til ein bane. Dei kan òg få særs detaljerte bilete, sidan avstanden er betrakteleg mindre enn frå ein satellitt. Problemet er at dei er langt lettare å skyta ned enn ein satellitt.

For å gjera spionfly vanskelegare å skyta ned, og for å spara mannskap i dei tilfella dei vert skote ned, er det utvikla umanna spionfly, ofte kalla dronar. Disse er små og raske, med låg varmeutvikling, noko som gjer det mykje vanskelegare å skyta dem ned enn eit vanleg fly. Medan det ofte er for stor risiko med bemanna flyovervaking medan ein militær aksjon pågår, kan dronane verta brukte. Bileta vert sendt trådlaust, slik at militær sjef kan få oversyn i realtid. Sjølv om styringssystema er kostbare, er dei likevel òg billegare enn eit fly, sjølv når ein ser bort frå den menneskelege kostnaden ved å mista ein pilot. Dronar er oftast utstyrt med sjølvøydeleggingsmekanismar, for å hindra at styringsmekanismen fell i fiendtlige hender dersom dei vert skote ned eller styrtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]