Hopp til innhald

Fotografisk film

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein uframkalla svart-kvitt film

Ein fotografisk film er ein film for stillbilete og «levande» film som vert brukt i fotografiapparat.

Stillbilete

[endre | endre wikiteksten]

Filmformat

[endre | endre wikiteksten]
  • Filmar som er opp til 4 cm breie: småbiletformat.
  • Filmar som er opp til 7 cm: mellomformat.
  • Filmar som er over 10 cm: storformat.

Den vanlegaste filmtypen er 135-film (35mm-film). Denne vart fyrst teken i bruk av Leitz Wetzlar i Leica-kamera i 1920-åra og er difor også vorten kalla for Leica-film. Han vart opphavleg brukt til kinofilm og er også det vanlegaste formatet på kino i dag.

Negativformatet er 24 x 36mm (2:3). Biletstorleiken er 10 x 15 cm (før 9 x 13 cm), og kvaliteten er svært bra.

Det har også vore andre negativformat på 135-film; det vanlegaste har vore halvformat, med plass til 72 bilete på ein 36-biletes film.

Den nyaste filmtypen er APS-film (Advanced Photo System), som no er på veg ut att. Her kan fotografen velja mellom tre ulike biletstorleikar (10 x 15/18/25, kalla C, H, og P). Filmen har ei magnetstripe som registrerer ulike opplysningar (dato, biletstorleik, tal på bilete som er tekne på filmen osb.). Biletkvaliteten er ca 30 % dårlegare enn på 135-film, ettersom formatet er mindre.

Den vanlegaste filmtypen elles er 120-film. Breidda på filmen er 6 cm. Den blir no stort sett berre nytta av fagfotografar, ofte til portrett. Negativformatet er avhengig av kva kamera ein brukar, og går i centimeter: 4,5 x 6; 6 x 6; 6 x 7, og meir uvanleg: 6 x 9, 6 x 12, 6 x 16. 6 x 6-formatet gjev 12 bilete på ein film. Biletkvaliteten er ein del betre enn på 135-film.

  • 220-film er ein dobbelt så lang versjon av 120-filmen. 70 mm perforert film er som 120-filmen, men har perforering og blir levert metervis.
  • 620-film er som 120-filmen, men kjernen på filmrullen har mindre hol og litt mindre diameter. Han er berre i bruk på svært gamle kamera. Han er ute av produksjon, men kan bestillast frå USA.
  • 127-film er ein smalare versjon av 120-filmen. Breidda på filmen er 4 cm. Han er berre i bruk på svært gamle kamera. Han er ute av produksjon, men kan bestillast frå USA.
  • 126-film er ein filmtype som er montert i kassett for å gjera han enkel i bruk. Han er berre i bruk på gamle kamera. Biletstorleiken er 10 x 10 cm (før 9 x 9 cm). Kvaliteten er brukbar.
  • 110-film er ein filmtype som er montert i kassett for å gjera han enkel i bruk. Formatet er lite. Han er berre i bruk i gamle kamera. Biletstorleiken er 10 x 13cm, og kvaliteten er dårleg.
  • DISC-film er ein rund film montert i ein kassett for å gjera han enkel i bruk. Han er heilt flat. Han er berre i bruk i eldre kamera. Biletstorleiken er 10 x 12 cm, og kvaliteten er svært dårleg.
  • MINOX-film er eit knøttlite filmformat for sokalla «spionkamera». Biletkvaliteten er ikkje av dei beste.
  • 4 x 5"-film er bladfilm og blir berre brukt av profesjonelle og «super»-amatørar. Han blir brukt på tekniske kamera, og biletkvaliteten er svært bra.

Bladfilm finst også i to større format: 5 x 7" og 8 x 10". Dei blir for det meste brukte til reklamefotografering. I tillegg: 9 x 12 cm, 13 x 18 cm og 18 x 2 4cm.

POLAROID-film er kjenneteikna ved at ein får bileta ferdige med ein gong. Det finst diverse storleikar. Nokre er også med negativ. (Det finst også vanlege filmar med Polaroid-namnet.)

Kodak hadde også ein gong kamera og film for «Instant»-bilete (augeblikksbilete), men måtte legga ned produksjonen etter press frå Polaroid.

Film finst hovudsakleg som negativ og som positiv, i farge og i svart-kvitt.

Negativ fargefilm er den vanlegaste typen. Han gjev gode fargebilete på papir. Negativ svart-kvitt-film gjev svart-kvitt-bilete på papir. Dette kan ivrige amatørar også enkelt gjera sjølve (men dei fleste har gått over til det «digitale mørkerommet»).

Positiv fargefilm er vanlegast å bruka for vidarekomne amatørar. Her blir kvart enkelt bilete (kalla positiv, lysbilete, slides, dias) sett i rammer, som så blir sett i eit magasin i ein framvisar og vist fram på lerret i eit mørklagt rom. Eller ein kan bruka ein liten betraktar. Det kan også lagast papirkopiar, men kvaliteten blir vanlegvis ikkje så bra som frå negativfilm.

Positiv svart-kvitt-film er lite brukt.

Det finst også diverse spesialfilmar, som t.d. infraraud film. Den registrerer varmestrålar i staden for synleg lys.

«Levande» film

[endre | endre wikiteksten]

For proffbruk: 16 mm, 35 mm og 70 mm. Amatør: dobbel 8 og super 8. Dobbel 8 er 16 mm-film som blir filma "begge vegar" og kløyvd langsetter etter framkalling.