Fotografihistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fotohistorie)
'Utsyn frå vindauget i Le Gras', det eldste overlevande fotografiet frå eit fotoapparat, av Nicéphore Niépce ca. 1826.

Fotohistorie viser til utviklinga av fotografiet frå oppfinninga til våre dagar.

Det var i Frankrike det første kjende fotografiet i verda vart teke av Joseph Nicéphore Niépce. Fotografiet vart utvikla vidare steg for steg, og etterkvart kunne også amatørar skaffe seg fotoapparat. Først i vår tid er digitale elektroniske bilete i ferd med å ta heilt over for dei analoge kjemiske fotoprosessane.

Nicéphore Niépce og Daguerre[endre | endre wikiteksten]

Det første stabile fotografiet var eit bilde produsert i 1826 av den franske oppfinnaren Nicéphore Niépce. Bilete viste utsikta frå vindauget i heimen til Niépce i Le Gras. Bildet hadde åtte timars eksponeringstid, så han prøvde å finne ein ny prosess. Bilda til Niépce var så diffuse at ein vanskeleg kan rekne dei som heilt vellykka. Derfor gjekk Niépce i 1829 i kompaniskap med Louis Daguerre, og det var dette samarbeidet som førte fram til suksessen med bruk av forsølva koparplater, altså daguerreotypi.

Niépce døydde i 1833, men Daguerre fortsette arbeidet. Daguerreotypi er den eldste forma for fotografi, ei vidareføring av camera obscura. Det første fotografiet, daguerreotypiet, bestod av ei forsølva, polert kopparplata som blei gjort lyskjensle med joddamp, og framkalt i dampen frå oppvarma kvikksølv.

Papirfotografi[endre | endre wikiteksten]

Papirfotografi eksisterte frå slutten av 1850, og dette skulle vise seg å vere særskilt levedyktig. Papirfotografi kunne vere ulike ting i 1850-åra. På den eine sida arbeidde nokre fotografar i byrjinga av tiåret i forlenging av Fox Talbots papirbaserte posetiv/negativ-metode. Det vil seie at dei kontaktkopierte papirnegativ til positiv på eit matt papir, sokalla saltpapirkopi. Fotografen Carl Ferdinand Stelzner i Hamburg var tidleg ute med dette. På den andre sida gjorde glasplatenegativ, sokalla kollodiumplater, seg raskt gjeldande utover tiåret. Kollodiumplatene som også blei kalla våtplater, fordi dei berre var lysomfintlege så lenge den kjemiske blandinga var fuktig, det blei brukt for å frå fram posetive papirfotografi. Til dette nytta ein eit spesielt papir som var preparert med eggekvite, albuminpapir. I byrjinga gav begge desse metodane nokså kraftlause bilde, noko som gjorde retusjering, og i nokre tilfelle overteikning nødvendig. Men utviklinga av eit meir glansfylt albuminpapir omkring 1860 gjorde at våtplatemetoden var den som blei den dominerande gjennom dei nærmaste tiåra. For dette nye blanke papiret gjorde det mogleg å framstille skarpare bilde med fine tonale overgangar. Ulempa ved denne teknikken var at emulsjonen måtte påførast rett før sjølve opptaket, og framkallast like etter eksponeringa.

Hans Thøger Winther[endre | endre wikiteksten]

Hans Thøger Winther blei fødd på Jylland i 1786. Han var sakførar, men gjekk i 1822 over i forlagsverksemd med eigen bokhandel, boktrykkeri og litografisk anstalt. Mellom anna prenta han ei av dei tidlegaste kunstnarlege illustrerte bøkene i Norge. ”Billedsamling for Ungdommen og dens venner” av Petter Andreas Brandt. Thøger Winther stod også bak ei rekkje tidsskrift som kom ut i 1830 og 1840-åra. Det er verdt å merke seg kor tidleg ute han var med å fange opp nyheita om at Daguerres oppfinning var blitt offentleg kjend. Han understreka at metoden ville bli endå meir avgjerande i framtida, når ein hadde fått til å fiksere bildet på papir i staden for på metall. Thøger let seg også inspirera til å følgje opp ideen om fiksering av bilde på papir på eiga hand. Rett nok så var ikkje metoden fullkommen, før resultatet var framleis negative bilde. 4. oktober 1839 var målet nådd. I mai 1842 kunne Thøger informera om at han før første gong hadde fotografert portrett. Han gjorde det også klart at han no nytta ein papirbasert negativ/posetiv metode, som hadde den fordelen at han kunne få fleire kopiar av det same opptaket. Thøger samanlikna resultata sine med Daguerres og slo fornøgd fast at hans eigne papirfotografi var meir tydelege i framstillinga av detaljar og lys/skygge. Dessutan hadde papirfotografiet andre fortrinn som at papiret var rimelegare enn sølvplater, og at teknikken var enklare.

Eadweard Muybridge[endre | endre wikiteksten]

Eadweard Muybridge var ein engelsk-amerikansk fotograf og fotopioner. Han er mest kjend for ein mengde fotografiserar som dokumenterte dyr og menneske i bevegelse. I 1878 sette Eadweard Muybridge opp ein rekke kamera langs ei ridebane, og spente ein tråd til utløysaren på kvart kamera. Etterpå passerte ein hest som dermed drog i snøra og løyste ut kameraa eitt etter eitt. Resultatet av dette var ein serie augeblikksbilde som kunne settas saman, ein slags forløpar for bevegelege bilde på film.

Thomas Alva Edison[endre | endre wikiteksten]

Thomas Alva Edison tek patent på kinetoskopet, det første filmkameraet, i 1891. Kinetoskopet består av ein boks med hol, som publikum kunne sjå gjennom. Den første visninga av bevegelege bilde fann stad i 1894 i New York under bruk av 10 kinetoskopar. Seinare blei teknologien erstatta av filmframvisning på lerret, som det er kjent i dag på kino.

Ernst Leitz[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1920-talet lanserte Ernst Leitz eit 35mm Leica kamera med objektiv som var enkle å skifte. Dette gav rom for 36 bilete på kvar film. Kameraet var fleksibelt på grunn av handformatet og fordi det brukte småbilde-rullfilm. Leicaen var med på å utvikla ein ny stil for fotorepotasjar.

William Eggleston[endre | endre wikiteksten]

William Eggleston er ein amerikansk fotograf. Eggleston er rekna som fotografen som for alvor introduserte fargar i kunstfotografi på midten av 1960-talet. Tidlegare var fargebilde noko som berre blei brukt av amatørar og i det kommersielle reklamefotografiet.

Den første CCD-brikka[endre | endre wikiteksten]

Den første CCD-brikka blei laga i 1997. CCD er ei type elektronisk halvledarbrikke som blei nytta blant anna innan digitalkamera og astronomi. Slike brikker vert nytta i dag i dei fleste digitale kamera. CCD består av ein integrert krets med rekkjer av samankopla kondensatorar. Bryce Bayer, tilsett hjå Kodak, utvikla Bayer filteret, eit filter som også nyttast i dag i så godt som alle digitale kamera.

Kodak[endre | endre wikiteksten]

Kodak lanserte sitt Digitale Camera System i 1991, basert på ombygde filmbaserte kamera frå Nikon. Kodak var ein innovatør når det gjaldt digitale kamera, og disse kameraa tok imponerande gode bilde. Nikon D1 (1999) var det første dSLR-kameraet som i sin heilskap var utvikla av ein tradisjonell kameraprodusent, kameraet hadde ein bildebrikke med 2.74 megapikslar. Neste generasjon kamera var ved Stanford University har forskarane utvikla ein teknologi dei kallar Plenoptic Camera som gjer det muleg å bestemme fokuspunkt og djupneskarpheit etter at bilde er tatt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]