Fototropisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blomar i prestekrageslektap vender seg mot månelyset.
Laukspirer strekkjer seg mot vekstlyset.

Fototroppsisme viser til plantar sin respons på lys. Ordet kjem av gresk foto, som betyr 'lys', og tropos, 'å venda'. Som ordet antyder vender planten seg etter lyset. Dette er ein funksjon som blir styrt av nokre plantehormon kalla auxin. Forsøk med fototropisme førte til oppdaginga av plantehormon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mekanismen bak fototroppsisme blei fyrste gang utforska i 1880 av Charles Darwin og sonen hans. Dei utforma ei rekke forsøk der dei skar toppen av nokre spirer og registrerte at desse ikkje lenger vende seg mot lyset. Dermed konkluderte dei at spissen av planten var kjelda til mekanismen, og dei avdekka no denne med høvesvis ein lysgjennomtrengeleg og ei ikkje-gjennomtrengeleg hette der ein kunne registrera at der lyset kunne komma inn vende planten seg etter dette, men elles skjedde det ikkje noko. Dei avdekka òg delen der bøyinga finn stad, men i dette tilfellet hadde ikkje avdekkinga nokon effekt. Dei påviste dermed at det var lyset som fekk planten til å venda seg og at signalet byrja i toppen.

I 1913 vidareførte den danske botanikaren Peter Boysen Jensen forsøka og skilde spissen frå resten av planten med ei gelatinblokk som eit stoff kan diffundera gjennom, i lag med ei glimmerplate, som er impermeabel. Dette forsøket viste at det var snakk om eit stoff som blei danna i spissen av ein plante og transportert nedover for å signalisera at planten skulle veksa.

Seinare forsøk gjort av nederlendaren Frits Went med meir avanserte teknikar stadfesta teoriane.

Mekanisme[endre | endre wikiteksten]

Auxinane blir produserte i skotspissane til ein plante på skuggesida og diffunderer ned til celler lenger nede i planten. Der påverkar dei hydrogenionkanalar, som drivne av ATP pumpar H+ inn i celleveggen, Dermed sitg surheita og fleire enzym som verkar best ved ved låg pH, forårsakar at mikrofibrilane som er vikla rundt cella blir omarrangerte, slik at cella kan bli lengre, men ikkje breiare. Deretter blir det danna nye celleveggkomponentar og nytt cytoplasma medan vatn kjem inn i den sentrale vakuolen ved osmose på grunn av at celleveggen er mindre motstandsdyktig, og forstørrer cella.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Fototropisme