Four Strong Winds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Four Strong Winds» er ein song skriven av Ian Tyson tidleg i 1960-åra. Han vart først spelt inn av The Brothers Four i 1963 og så av Ian and Sylvia på eit album med same namn i april 1964.[1]. Songen gjorde det bra på listene i Canada.[2][3]

Songen er ein melankolsk ettertanke om eit mislukka forhold. Songaren uttrykket ønske om å kanskje kome saman med denne personen igjen ein gong i framtida, men innser at forholdet mest truleg er over.

Denne klassiske visa er spelt av mange artistar, som Neil Young på albumet hans Comes a Time i 1978. Young spelte òg songen i lag med The Band på den kjende The Last Waltz-konserten deira. Andre artistar som har spelt songen er Sarah McLachlan, Hank Snow, The Seekers, Judy Collins, the Chad Mitchell Trio, Bob Dylan, Marienne Faithfull, The Searchers, Teenage Fanclub, John Denver, Bobby Bare, The Brothers Four, The Kingston Trio, Trini Lopez, Waylon Jennings, Chad and Jeremy, The Tragically Hip, Joan Baez, Vanity Fare, Johnny Cash og The Carter Family. Songen var ein hit for Bobby Bare i 1964. Han var òg ein stor hit i Noreg i 1966 med den norske versjonen «Mot ukjent sted» av The Vanguards og ein stor hit i Sverige i 1967 med den svenske versjonen «Mot okänt land» av The Hep Stars.

I 2005 kåra lyttarane av CBC Radio One songen til den største kanadiske songen gjennom tidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ian og Sylvia Re-Releases og Discography
  2. 30 Years of Canadian Chart Listings - #9 on 28 oktober 1963
  3. Billboard magazine: 18. October 19, 1963. ISSN 0006-2510.  Missing or empty |title= (hjelp);

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]